Hopp til innhold

 Anders Heger. Foto: Martin Grüner Larsen, CC BY- SA 2.0
Anders Heger. Foto: Martin Grüner Larsen, CC BY- SA 2.0
X
Innhald

Anders Heger

Anders Heger, fødd 1956, er forfattar og forleggar. Han vart direktør for litterær sektor i J.W. Cappelens Forlag i 1990. Heger har skrive barnebøker under psevdonymet Walter Vik og biografi om Agnar Mykle: Et diktet liv, som han fekk Brageprisen for i 1999. I 2002 skreiv han boka Bruddet: hellige krigere og en ny verdensorden saman med Kari Vogt. Heger er òg ein aktiv samfunnsdebattant, mellom anna gjennom artiklar og kåseri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013