Hopp til innhold
X
Innhald

Geirmund Henjum

Geirmund Henjum, journalist.

Geirmund Henjum er fødd i Sogndal 18. april 1958. Han tok artium i 1977 og arbeidde som journalist i avisa Sogn og Fjordane i 1979–81. Han fullførte utdanning ved Norsk Journalisthøgskole i 1983, og sidan arbeidde han for NRK Sogn og Fjordane i perioden 1983–2004. Etter eit kort opphald som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet tok han til som faglærar ved Nynorsk mediesenter i Førde i 2005. Frå hausten 2009 har han vore vaktsjef i NRK Sporten.
 
Den første tida i NRK dreiv Henjum mest med radioarbeid, men seinare vart det meir for fjernsyn. Han var med i oppbygginga av Vestlandsrevyen frå 1992, der han var vaktsjef. Henjum var ein av medarbeidarane i «Vekas fjogning», som var eit fast humorinnslag på lokalradioen gjennom mange år. Seinare har han medverka sporadisk i oppfølgjaren «Radio Røysi». Han har også laga fleire enkeltprogram for fjernsyn og har vore programleiar i «Norge Rundt».

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013