Hopp til innhold
X
Innhald

Gudveig Høyem

Gudveig Høyem, forleggjar og redaktør. Ho skapte den første barnebokbestseljaren på landsmål.

Høyem var fødd i Bremanger 23. januar 1879 og døydde 10. desember 1946.
 
Ho etablerte og dreiv kunstforlaget Munin. Under samletittelen Kringla gav ho her i 1911 ut fire små biletbøker med firefargarsillustrasjonar av Sverrer Knudsen og Otto Valstad. Prisen for kvar bok var ti øre, og berre i utgivingsåret selde ho 50 000 eksemplar. Dette var den første barneboksuksessen på landsmål og er det nynorske bokverket som har selt mest.
 
Høyem gav ut skjemtebladet Tyrihans 1912–13, var redaktør og utgivar for skjemtebladet Peik 1913–18 og utgivar av vekebladet For Bygd og By eitt år frå 1912.
 
Livet som forleggjar blei kort. Kring 1917 blei ho erklært mentalt sjuk, blei borte frå det offentlege livet og levde frå då av truleg mest på Gaustad.
 
Kjelder
Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 12. Volda 2001
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 02.05.2013