Hopp til innhold
X
Innhald

Hilde Haugsgjerd

Hilde Haugsgjerd, journalist, tidlegare politikar og leiar for Raud Valallianse (no Raudt) og seinare redaktør i Dagsavisen og Aftenposten. Ho var den første kvinnelege sjefredaktøren i ei landsdekkjande avis her i landet.

Hilde Haugsgjerd er fødd 7. juli 1952 i Oslo, der ho vaks opp. Ho var elev ved Oslo Katedralskole i 1968–71 og er utdanna journalist frå Norsk journalisthøgskole i 1982. Ho arbeidde først som journalist i Klassekampen, deretter i Vårt Land i 1982–84. Etter det arbeidde ho i 1984–95 og 1997–2001 i Dagbladet, som journalist, kommentator og avisa sin første kvinnelege redaksjonssjef. Ho var informasjonsdirektør for Rikshospitalet i 1995–97 og ansvarleg redaktør i Dagsavisen i 2001–04.

I 2004 blei ho tilsett i Aftenposten. Først var ho redaktør for Aftenposten Aften, deretter administrativ redaktør i Aftenposten i 2007–08, før ho blei den første kvinnelege sjefredaktøren i avisa i 2008. I 2013 gav ho seg som sjefredaktør, men har halde fram som konsulent.

I 1970-åra hadde Haugsgjerd leiarverv i Raud Ungdom (RU) frå 1973, var medlem i Arbeidernes Kommunistpart (marxist-leninistane) (AKP-ml), og ho var den første leiaren av Raud Valallianse i 1979–81. Ho var òg redaktør i Røde Garde, tidsskriftet til RV. I 1982 melde ho seg ut og har ikkje vore medlem av noko parti sidan. Ho har seinare teke avstand frå den politiske fortida si, som ikkje lét seg sameine med Aftenposten si konservative ideologiske plattform.

Som journalist og redaktør har ho hatt stor spennvidd. Ho har vore ein pioner og eit førebilete, kontroversiell, men rasjonell og har tort å stå imot autoritetar. Då ho gjekk av som sjefredaktør, var Aftenposten ferdig med å utvikle ei digital betalingsløysing, eit nytt A‑magasin og ein plan for utvikling av avisa dei neste åra. Haugsgjerd var ei drivande kraft og ein pådrivar i den digitale omstillingsprosessen.

Haugsgjerd har gitt ut bøkene Gammel og glemt (1986) og Løvetann. Bak murene på Bredtveit kvinnefengsel (1992), og ho var redaktør for Hva skal vi tro? Etter Bjugn-saken (1994).

Haugsgjerd har hatt tillitsverv i styret i Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening og Universitetet i Oslo. Frå 2004 til 2014 var ho medlem av Pressens Faglege Utval og var leiar der i 2010–14. Ho fekk Nynorsk redaktørpris i 2004 og Oslo Redaktørforenings heiderspris 2014.

 

Kjelder

Hilde Haugsgjerd, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/hilde-haugsgjerd-b7a6985b/?originalSubdomain=no [lesedato 14.12.2019]

Aftenposten: «Hilde Haugsgjerd slutter som sjefredaktør i Aftenposten», aftenposten.no, publisert 22.8.2013: https://www.aftenposten.no/kultur/i/QoR6V/hilde-haugsgjerd-slutter-som-sjefredaktoer-i-aftenposten [lesedato 14.12.2019]

Eirik W. Alver: «Drømmen om det umulige», dagbladet.no, publisert 8.2.2003: https://www.dagbladet.no/magasinet/drommen-om-det-umulige/65866970 [lesedato 14.12.2019]

 

Peikarar

Øystein Byberg «Heder til Hilde Haugsgjerd», finansavisen.no, publisert 20.3.2014

Noregs Mållag: «Haugsgjerd og Sandnes fekk Nynorsk redaktørpris», nm.no, publisert 11.10.2004

Tore Gjerstad: «Angriper redaktørs AKP-fortid», dagbladet.no, publisert 3.7.2004

Først publisert: 08.10.2020
Sist oppdatert: 08.10.2020