Hopp til innhold
X
Innhald

Ida Habbestad

Ida Habbestad, redaktør, kritikar og journalist. Ho er musikk-kritikar i Aftenposten, redaktør for nettstaden ballade.no og leiar i Norsk kritikarlag.

Ida Habbestad er fødd 16. mai 1980 i Oslo og vaks opp i Bergen og på Kolbotn. Ho tok det utøvande kandidatstudiet ved Noregs Musikkhøgskole mellom 1998 og 2002 og fullførte ein mastergrad i musikkteori same staden i 2010. Masteroppgåva hennar handlar om musikalske forteljemåtar i norsk opera etter 2000.

Frå 2006 til 2010 var Habbestad journalist på nettstaden ballade.no, og frå 2007 til 2010 var ho òg kritikar i Dagsavisen. I 2010 byrja ho å skrive for Aftenposten, der ho framleis er fast musikk-kritikar. I 2013 tok Habbestad til som redaktør for ballade.no, og same året blei ho vald til styreleiar i Norsk kritikarlag. Habbestad har òg skrive for ei rekkje tidsskrift, til dømes har ho jamleg publisert tekstar i bladet Folkemusikk.

Som musikkjournalist og ‑kritikar har Habbestad skrive om eit mangfald av sjangrar, men aller mest om samtidsmusikk, folkemusikk, klassisk musikk og opera. Ho er ein grundig og samvitsfull kritikar, med musikkfagleg tyngde og stødig språkføring. Som leiar i Norsk kritikarlag har ho dessutan arbeidd for å synleggjere kritikarane sine arbeidsvilkår i det offentlege rommet.

Habbestad var med på å starte nettstaden periskop.no – eit tverrfagleg nettidsskrift om kunst for barn og unge – der ho òg er styremedlem. Ho er elles mykje brukt som debattleiar og som debattarrangør, og ho tek aktivt del i den faglege og kritiske offentlege debatten.

Kjelder

E‑post frå Ida Habbestad 28.1.2016

«Ida Habbestad er ny redaktør i Ballade.no», Østlandets Blad 26.2.2013. Henta frå http://grymonicafoto.com/wp-content/uploads/2013/01/ostlandetsblad-20130226_Ida_Habbestad_Ballade.pdf [lesedato 12.1.2016]

Peikarar

Habbestad sin profil på kritikkportalen.no

Ida Habbestad: «Lyden av Noreg – og orda bakom», essay publisert i tidsskriftet Prosa

Først publisert: 16.09.2016
Sist oppdatert: 26.09.2016