Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Ragnar Hagland

Jan Ragnar Hagland er professor i norrøn filologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Jan Ragnar Hagland er fødd 3. mars 1943 i Haugesund. Han tok examen artium ved Haugesund kommunale høgre almenskole i 1962 (engelsklinja) og tok cand.philol.-graden ved Universitetet i Bergen i 1969 med faga fransk og engelsk mellomfag og nordisk hovudfag. Frå 1972 har han vore tilsett ved NTNU, som universitetslektor frå 1972, førsteamanuensis frå 1978 og som professor i norrøn filologi sidan 1986. Han har vore gjesteførelesar ved ei rekkje utanlandske universitet. Forskingsinteressene hans dreiar seg i hovudsak om norrøn filologi, runologi, språkhistorie, 1700-talsstudiar og edisjonsfilologi.
Både før og etter at han i 1985 disputerte til doktorgraden med avhandlinga Riksstyring og språknorm. Spørsmålet om kongens kanselli i norsk språkhistorie på 1200- og første halvdel av 1300-tallet, har han hatt mange verv og har gitt ut ei lang rekkje bøker. Han var dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Trondheim / AVH (Den allmennvitskaplege høgskolen) i åra 1987–90 og dekanus for forsking same staden frå 1992 til 1994. Han var formann i styringsgruppa for prosjektet «Henrik Ibsens skrifter» frå 2002 til 2005 og prosjektleiar for prosjektet «Trondheim–Sofia Corpus of Old Slavic Texts» frå 1996 til 2002. Han har omsett fleire norrøne soger til nynorsk, mellom dei Njålssoga, Soga om Gisle Sursson og Landnåmabok. Hagland var medforfattar av Handbok i norrøn filologi, som kom i 2004, og Trøndersk språkhistorie, som kom i 2008.
 
Kjelder
E-post frå Jan Ragnar Hagland 18.02.2010
Arnold Dalen ofl.: Trøndersk språkhistorie – språkforhold i ein region. Trondheim 2008
Odd Einar Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi. Bergen 2004
Om Jan Ragnar Hagland hos Norsk Oversetterforening, http://www.oversetterforeningen.no/medlem.php?id=292 [lesedato 16.03.2010]
Om Jan Ragnar Hagland hos NTNU, http://www.hf.ntnu.no/hf/inl/Ansatte/jan.ragnar.hagland/personInfo.html [lesedato 16.03.2010]
Peikarar
Jan Ragnar Hagland i Bibsys

Først publisert: 16.03.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013