Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Jon Hustad

Jon Ottar Hustad, forfattar, journalist og debattant som særleg har markert seg i norsk samfunnsdebatt med synspunkt på den norske skulen , norsk kultur og den norske velferdsstaten.

Hustad er fødd i Ørsta 25. mars 1968 og tok hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1997 med ei avhandling om amerikansk Kina-politikk etter Koreakrigen. Han arbeidde som lærar i to år, og røynslene frå skulen prega den faglitterære debuten hans, Skolen som forsvann. Eit essay om krisa i den norske skolen (2002). Hustad hevdar her at det gradvise gjennomslaget i skulen for pedagogiske idear om elevfridom har fortrengt basiskunnskapane og i staden resultert i svake faglege resultat og ein skulekvardag full av uro.
 
Hustad har arbeidd som journalist i Klassekampen i to omgangar og har vore forskingsredaktør i Morgenbladet. Sidan 2007 har han vore tilsett i vekeavisa Dag og Tid. Han har vidare gitt ut 14 menn og ei kvinne, ei samling intervju frå journalistverksemda hans (2004), praktboka Hjørundfjorden saman med fotograf Per Eide (2005), dokumentarboka Varsleren (2006) og Gjeldsslaven Europa (2012), som byggjer på ein artikkelserie skrive for Dag og Tid. Hustad nyttar begge målformer.
 
I 2012 var Hustad programleiar i aktualitetsprogrammet Harde fakta på TV2.
 
Jon Hustad skapte stor debatt med kronikken Ikkje min kulturminister, i Aftenposten i 2013. Hustad kritiserte dåverande kulturminister Hadia Tajik (Ap) for at ho ikkje ville seie kva ho oppfatta som norsk kultur.
 
I boka Farvel, Norge (2013) tek Hustad eit oppgjer med velferdsstaten og varslar den norske økonomiske modellen sin framtidige kollaps.
 
Kjelder
Hans Petter Sjøli: «Kulturrampen», Klassekampen 11.07.2009
 
Joachim Kroken Åsebø: «Vil vere veldig provoserande», morenytt.no, publisert 28.8.2012,
 

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 26.06.2014