Hopp til innhold
Jul Haganæs. Foto: Egil Heggen. Brukt med løyve for Allkunne.
Jul Haganæs. Foto: Egil Heggen. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Jul Haganæs

Jul Haganæs, norsk forfattar frå Valdres. Han er særleg kjend som lyrikar, men skreiv også noveller og fleire biografiar.

Jul Haganæs var fødd 22. august 1932 og voks opp på småbruket Flagesletten i Tisleidalen i Valdres. Han døydde i Aurdal 3. april 2013. Haganæs gjekk realskulen og var bankassistent før han vart journalist i avisene Valdres og Samhold/Velgeren. Siste del av yrkeslivet var han forfattar på heiltid.

Haganæs debuterte i 1965 med diktsamlinga Aprilnetter og gav til saman ut tretten diktsamlingar på Fonna Forlag, Noregs Boklag og Grøndahl & Søn. Han var ein kunstnar til å formulere seg. Ofte tok han utgangspunkt i nære ting eller røynsler, som han gjorde til meir allmenne opplevingar gjennom dikta sine. Samlinga Mørkegangsdalen gav han ut i 1987, etter at ein av sønene hadde omkome i ei ulykke. Også det tapet var ei hending som han makta å omtale i lyriske vendingar.

Haganæs var aktiv i Oppland Forfatterlag og var med i bokkomiteen for antologien Oppland og forfatterne, som presenterte 29 av dei 36 medlemene i laget. Boka kom ut i samband med Dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994. Haganæs gav òg ut ei novellesamling i 2002.

Jul Haganæs budde på Onstadmarken i Aurdal, garden der Knut Hamsun budde då han skreiv Victoria. Det var truleg noko av grunnen til at Haganæs skreiv biografien Nu god Nat, min Ven! om Knut Hamsun. Han skreiv elles fleire biografiar, mellom anna om Sigurd Lybeck, Ola Viker og bøker om krigshendingar i Valdres. Eit utval av dikta hans kom ut på islandsk i 1979 i boka Þakrennan syngurDikta hans er òg gjendikta til finsk, svensk og polsk. Som lyrikar brukte Haganæs nynorsk, medan han i sakprosabøkene brukte både nynorsk og bokmål.

Haganæs fekk Sunnmørsprisen for diktsamlinga Mørkegangsdalen frå 1987. Han fekk også kulturprisen til Nord-Aurdal kommune i 1998 for det litterære arbeidet sitt, og kulturprisen til Aurdal og Sørskogen Arbeiderlag.

I langsam kino

Om det er slik
at det opplevde
blir spela av
som ein film
i augneblinken
før døden

vil eg be om dette
i langsam kino:

Augneglitteret
som styrde straumane
i farshjarta

frå deg
som vart henta
av ferjemannen
på grensa
til mannslivet

enno
med barnehåret
i mjuk leik
kringom andletet

mellom annsame
morshender

like før
juletrefesten

Diktet «I langsam kino», i Jul Haganæs: Mørkegangsdalen. Oslo 1987. Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no

Kjelder

Lokalhistoriewiki: «Jul Haganæs», lokalhistoriewiki.no: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Jul_Hagan%C3%A6s [lesedato 13.12.2018]

Oppland Forfatterlag: Hilsen fra Oppland. Et litterært tverrsnitt fra Bjørnson til Sandemo. Lillehammer 1991. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/1d6674c93889f627575430fe20a786bf?page=0&searchText=oppland%20forfatterlag%20hilsen%20fra%20oppland [lesedato 13.12.2018]

 

Peikarar

Jul Haganæs: Nu god Nat min Ven! På Hamsuns gjengrodde stier i Aurdal. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 22.08.2019