Hopp til innhold
Olav Hougen. Foto: Ukjend, for Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Olav Hougen. Foto: Ukjend, for Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Olav Hougen

Olav Hougen var lærar, avisredaktør, kulturpersonlegdom, politikar og bokhandlar i Steinkjer. Han skreiv ein minnetekst om bombinga av Steinkjer 21. april 1940, eit spelstykke for ungdomslag og lokalpatriotiske songar.

Olav Hougen var fødd 2. oktober 1890 i Trysil, og døydde 7. september 1943 i Steinkjer. Han var bror av læraren og forfattaren Ole Haugen-Flermoe og svoger av forfattaren Halvor Floden.

Hougen gjekk på Elverum lærarskule og tok eksamen i 1913. Deretter var han lærar i folkeskulen i Gjøvik. I 1917 blei han tilsett som journalist i Venstre-avisa Porsgrunds Dagblad. Her var han til 1921, då han blei redaktør av dagbladet Norig i Skien. I 1926 drog han til Steinkjer for å bli redaktør i Venstre-avisa Inntrøndelagen.

Då byen blei bomba, brann avislokala ned, til liks med konkurrenten Nord-Trøndelag, som var ei avis for Landmandsforbundet. Redaktørane blei samde om eit samarbeid i ei tung tid, og avisene kom ut som Nord-Trøndelag og Inntrøndelagen i to år, til redaktørane blei avsette. Etter okkupasjonen heldt samarbeidet fram og blei varig, under namnet Trønder-Avisa frå 1952, med politiske standpunkt annankvar dag for Venstre og Bondepartiet (Senterpartiet). Hougen var ei kort tid fange i konsentrasjonsleiren Falstad ved Levanger.

Hougen var ein markant Venstre-politikar i Steinkjer og i Nord-Trøndelag, Han var medlem av bystyret i to periodar og ordførar i 1937–39. Han var òg medlem av skulestyret og leiar der i fire år. Han var dessutan ei drivande kraft for folkebiblioteket i byen.

Hougen grunnla Steinkjer Bokhandel i 1939. Bokhandelen eksisterer framleis. Sonen Sigbjørn Hougen og sonesonen Olav Hougen vidareførte bokhandelen. Men i dag har forretninga nye eigarar.

Den litterære produksjonen til Hougen er ikkje stor. I Foreningen gamle Steinkjer har han posthumt publisert «Bombesøndagen i Steinkjer og krigen i Innherred i aprildagene 1940. Med tillegg om situasjonen i Steinkjer høsten 1940». Nokre år tidlegare skreiv han Egtemenn. Skjemtspel med songar. Stykket blei utgitt på Norli i 1926. Saman med organisten Ludvig Moe Weigner skreiv han «Steinkjersangen» og «Nord-Trøndelagssongen», begge i bruk den dag i dag. Han fekk pris frå Det norske Skogselskap for songen «Du skog som klær et værhardt land, gir ly og levekår».

Kjelder

«Hougen, Olav», Steinkjerleksikonet: http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=335 [lesedato 20.10.2017] 

«Olav Hougen», Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Hougen [lesedato 14.12.2017] 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 25.01.2018