Hopp til innhold
Roar Hagen
Roar Hagen
Foto: Privat. Brukt etter avtale med Roar Hagen.
X
Innhald

Roar Hagen

Roar Hagen, grafisk formgivar, avisteiknar i VG i meir enn 30 år og kåra til årets avisteiknar fleire gonger.

Roar Hagen er fødd 15. april 1954 i Ørsta i Møre og Romsdal. Han tok utdanning som grafisk formgivar, og frå 1975 arbeidde han frilans som avisteiknar i Sunnmørsposten. Der var han fram til 1978, då han fekk stilling i Stavanger Aftenblad. Frå 1986 har han vore avisteiknar i VG.

Teikningane til Roar Hagen er blitt trykte i fleire internasjonale magasin og aviser, mellom anna Time Magazine, Newsweek, Der Spiegel, Die Zeit og Le Monde. I 1989 blei han tilslutta Cartoonists & Writers Syndicate i New York. Fleire enn 200 magasin og aviser over heile verda får teikningar formidla derifrå.

Hagen har òg arbeidd med illustrasjon av bøker, grafikk, skisser, måleri og akvarellar og er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalgalleriet, Stavanger Kunstmuseum, Stortinget, Oljedirektoratet, Statoil og Haus der Geschicte der Bundesrepublik Deutschland.

I 2016 gav Roar Hagen ut boka Den norske fortellingen, med eit utval av teikningar og kommentarar frå dei siste 40 åra.

I 2004 fekk han prisen International Caricatura Politica Award, Forte dei Marmi Italia, og han fekk prisen for årets avisteikning både i 2007 og 2015.

Roar Hagen er leiar av den uformelle foreininga Avistegnerlauget.

Karrikaturteikning av Roar Hagen. Kommentar til utviklinga av Den norske kyrkja.

Illustrasjon: Roar Hagen. Publisert etter avtale med Roar Hagen.


tbbafb94.jpg?w=600

Illustrasjon: Roar Hagen. Publisert etter avtale med Roar Hagen.


Kjelder

Angelica Hagen: «Roar Hagen kaller seg VGs frieste mann», journalisten.no, publisert 21.10.2016: http://journalisten.no/2016/10/roar-hagen-er-vgs-frieste-mann [lesedato 3.11.2016]

Pressemelding: «Roar Hagen i Kunsthuset», Regionavisa 11.6.2008, regionavisa.vist.no: http://regionavisa.visto.no/arkiv/2008/2008-06-11.pdf [lesedato 3.11.2016]

Usignert biografi om Roar Hagen, avistegnerneshus.no: http://www.avistegnerneshus.no/avistegnere/roar_hagen.html [lesedato 3.11.2016]

Peikarar

Ola Hegdal: «Tegneren tar ordet», nrk.no

Norsk Journalistlag: «Årets Avistegning til Roar Hagen», nj.no

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 29.05.2017