Hopp til innhold
Sophie Elise Isachsen. Fotograf: Truls M. Qvale. Kjelde: Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
Sophie Elise Isachsen. Fotograf: Truls M. Qvale. Kjelde: Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Sophie Elise Isachsen

Sophie Elise Isachsen, bloggar, påverkar og forfattar, er eit førebilete for mange unge jenter. Ho inspirerer og provoserer på grunn av meiningane sine om korleis kroppen og utsjånaden skal vere.

Sophie Elise Isachsen, eigentleg Sofie Steen Isachsen, er fødd 18. desember 1994 i Harstad i Troms og bur no i Oslo. Ho tok studiespesialisering ved Heggen videregående skole i Harstad frå 2010 til 2013. Etter å ha blitt ein av dei mest lesne bloggarane i Noreg, har ho arbeidd som bloggar og forfattar.

Då ho gjekk på vidaregåande skule, fekk bloggen hennar raskt mange lesarar, og ho fekk stor merksemd for korleis ho framstilte seg sjølv. Ho spelar ofte på utsjånad og kropp og har ein bodskap om at du er like mykje verdt som menneske sjølv om du er oppteken av klede, sminke og kroppsfiksing. Sophie Elise tek òg opp miljøspørsmål og er kritisk til korleis norske politikarar behandlar klimasaka. Då ho i 2015 gjekk til åtak på produkt med palmeolje, fekk ho ein heil generasjon med seg i boikotten. I 2018 var ho hovudpersonen i dokumentarserien «Sophie Elises verden» på TV 2. Oppfølgjaren, «Sophie Elises verden 2», kom i 2019.

I 2016 gav Sophie Elise ut sjølvbiografien Forbilde. Boka har ein bodskap om at vi sjølve har ansvaret for dei vala vi tek i livet. Det er viktig å finne sin eigen identitet, og ein må akseptere at ein har både gode og dårlege sider. I 2018 gav ho ut Elsk meg, som handlar om korleis det er å vere ung og forelska.

Sophie Elise Isachsen er også artist. Ho har gitt ut låtar som «Lionheart» (2014), «All your friends» (2017) og «In my head» (2018). Låtane hennar handlar gjerne om forelsking og kjærleik.

Sophie Elise når eit stort publikum gjennom sosiale medium og som forfattar og artist. Ho er ein viktig påverkar som mange unge høyrer på. I 2015 kåra Medier 24 henne til «Årets mektigste kvinne».

 

Kjelder

Sophie Elise Isachsen: Forbilde. Oslo 2016

 

Sophie Elise Isachsen sin eigen blogg, sophieelise.blogg.no: https://sophieelise.blogg.no/ [lesedato 2.6.2019]

 

Peikarar

Signy Fardal: «Sophie Elise – helt uten filter», elle.no

YouTube-kanalen til Sophie Elise, youtube.com

Først publisert: 16.09.2019
Sist oppdatert: 11.10.2019