Ingebjørg Jore
Ingebjørg Jore
Ingebjørg Jore, publisist, ei av dei aller første kvinnene i nynorsk avisutgiving.
Tor Jonsson
Tor Jonsson
Tor Jonsson, forfattar og journalist, skreiv både prosa og lyrikk. Lyrikken hans er eit møte mellom tradisjon og modernitet, der kontrastfylte kjensler og mørke innsikter er formidla i eit klart formspråk.
Rolf Jacobsen
Rolf Jacobsen
Rolf Jacobsen, poet og avisredaktør, var ein av dei første modernistane i norsk lyrikk. I diktinga skildrar han tilhøvet mellom natur og teknologi, og han balanserer fint mellom fascinasjon og kritisk refleksjon.
Albert Joleik
Albert Sigvard Abrahamson (Andersen) Joleik var bygdesogeforfattar og ein ekte bladfyk – han stod eigenhendig bak dei to målavisene Spegjelen og Fjordaposten. Det var han som først fann på ordet allkunne.
Erling Johnsen
Erling Johnsen var journalist og redaktør i Nationen og forfattar av forteljingar og gutebøker.
Sigmund Jakobsen
Sigmund Jakobsen gav ut diktsamlinga Gjennom brend by i 1964 og fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, men tagna som diktar.