Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Johnsen

Erling Johnsen var journalist og redaktør i Nationen og forfattar av forteljingar og gutebøker.

Erling Johnsen var fødd på Ytterøy i Nord-Trøndelag 4. oktober 1892, men voks opp på Straumen på Inderøy, der faren hadde bakeri. Han døydde 17. februar 1987 i Oslo.

Han likte å skrive og sende notisar om lokale saker til avisa Innherred på Steinkjer frå 20-årsalderen. I minnesartiklane sine skriv han at hendingane i 1905, då Noreg gjekk ut av unionen med Sverige, sette djupe spor i sinnet til 13-åringen.

Johnsen gjekk folkeskulen på Sakshaug og hadde mellom anna Olav Duun som lærar. Etter det tok han eit år på Sund Folkehøgskule på Inderøy.

Notisane i Innherred førte til at han blei tilsett og fekk læreår som redaksjonshjelp i avisa i 1914. Etter eit lite mellomspel i Østlendingen i Elverum, som på den tida støtta Arbeiderdemokratene og Johan Castberg si rørsle på Austlandet, kom han i 1917 til Nidaros, under leiing av juristen Håkon Løken. Den radikale venstremannen og brukseigarsonen Løken var òg frå Inderøy. Johnsen blei eit år i Nidaros, fram til Norsk Landmannsforbund starta Nationen 9. desember 1918. Resten av arbeidslivet var han knytt til denne avisa som journalist og redaktør. Han slutta der i 1962. I alle desse åra arbeidde han spesielt med kulturstoff og skreiv teater- og bokmeldingar.

Den første boka hans kom i 1917, Sumarnætter. Det var ei samling forteljingar, skrivne på nynorsk. Han skreiv òg seinare nokre tekstar på nynorsk, men etter kvart blei bokmål språket hans både i journalistikken og i skjønnlitteraturen. I 1940- og 50-åra gav han ut fire barne- og ungdomsbøker med motiv frå barndomen på Straumen. Som pensjonist skreiv han ei rekkje artiklar i aviser og årbøker for historielag i Nord-Trøndelag.

Kjelder

Sigrid Haavik: «Erling Johnsen – Straumgut og redaktør», Eynni Idri, årbok for Inderøy Museums- og historielag 2005

Kjell Saxvik: «Redaktør Erling Johnsen i minne», Årbok for Nord-Trøndelag historielag 1987

Steinkjerleksikonet: «Johnsen, Erling», steinkjerleksikonet.no: http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=1681 [lesedato 29.11.2017]

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018