Ivar Krohn Gunvald Kleiva, lærar og politisk engasjert kulturaktivist. Han gav ut fleire barnebøker, men skreiv òg dikt og prosa for vaksne.
Ivar Kleiva var fødd 17. mai 1903 i Eidsdal i Norddal på Sunnmøre og døydde 5. mai 1998. Etter examen philosophicum ved Universitetet i Oslo i 1925 tok han eksamen ved Stord lærarskule i 1926 og Statens husflidskule på Blaker i 1932.
Kleiva var lærar ved Gryllefjord skule i Torsken i Troms 1927–1940, Farstad skule i Haram på Sunnmøre 1940–46, og styrar ved Dalsøyra skule i Gulen i Sogn 1946–70.
Etter debuten med barneboka Med Steggen på Storegga (1946) skreiv han åtte barnebøker. Kleiva skreiv òg bygdebøker, artiklar og dikt. Nokre av dikta finst i siste boka, Nedfallsfrukt (1995), med framside av Per Kleiva, som òg har illustrert nokre av barnebøkene. Hovudpersonane er ofte positive kvardagsheltar. Kleiva kan òg opne for ei fantastisk reise i tid og rom, som i Hugin på vidvank (1950), eller, som i dikt som «Bruktbilen», ta lesaren med inn i ei nonsensverd.
I dikta for vaksne kan ein møte eit opprørsk, men kjenslevart diktar-eg. Kleiva skreiv òg songar med nasjonalromantisk karakter. «Draumelandet» sette han melodi til. Kordirigent, foredragshaldar og radiokåsør var han òg.
Kleiva hadde formannsverv i Torsken og Gulen Arbeidarparti, samstyret til folke- og skuleboksamlingane i Haram, Gulen folkeboksamling og frilynde ungdomslag.
Kleiva fekk Noregs Lærarlags reisestipend i 1953, Melsomprisen i 1954, Norddals Kulturpris i 1983 og Kongens fortenestemedalje i 1983.
Kjelder
Tor Åge Bringsverd, Tordis Fosse og Ragnar Hovland (red.): Folk flest trur ikkje på fuglar. Oslo 1986
Tor Åge Bringsværd, Tordis Fosse og Ragnar Hovland (red.): Landet på den andre sida. Oslo 1987
Konrad Helseth: Sunnmørsbibliografi, utgitt av Sunnmøre Historielag og Ålesunds Museums Akademi. Ålesund 1981
Gudmund Hovdenak: Nord-norsk barne- og ungdomslitteratur frå Petter Dass til Arvid Hanssen. Tromsø 1989
Ivar Kleiva: Nedfallsfrukt (dikt i utval, med føreord av Erling Indreeide, og med biografiske opplysningar og oversyn over den litterære produksjonen). Norddal 1995
Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 25.11.2011