Hopp til innhold
Olav Kolltveit. Kjelde: Stortinget. Nytta etter avtale.
Olav Kolltveit. Kjelde: Stortinget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Olav Kolltveit

Olav Kolltveit, redaktør, lokalhistorikar og politikar. Som redaktør for avisa Hardanger i nesten to mannsaldrar, og som forfattar av dei fleste bygdebøkene i regionen, har han sett djupe spor etter seg i sakprosaen frå og om Hardanger.

Olav Kolltveit var fødd 9. april 1894 i Tørvikbygd i Jondal (no Kvam) og døydde 28. november 1979. Han gjekk på Hardanger folkehøgskule i 1912–13, Volda private middelskule i 1914–15 og Voss private gymnas i 1915–17. I 1917 fekk han tilbod om å verte redaktør for avisa Hardanger, som kom ut i Odda, ei stilling han hadde i 53 år. I 1937–79 redigerte han òg det regionalhistoriske tidsskriftet med same namn og var den drivande krafta i Hardanger Historielag.

Som bygdebokforfattar har Kolltveit kombinert grundig kjeldearbeid med sine gode evner til å sjå samanhengane i lokalsamfunna. Han har skrive bøker om Strandebarm og Varaldsøy, Jondal, Odda, Ullensvang og Kinsarvik, Eidfjord, Granvin og Ulvik, i alt 13 bøker med til saman over 7200 sider, og dessutan ei rekkje andre jubileumsbøker og lokalhistoriske artiklar. For dette arbeidet fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1964 og Norsk Kulturråds lokalhistorikarpris i 1975.

Kolltveit var venstremann og tok aktivt del i lokalpolitikken i Odda gjennom 23 år. I periodane 1937–45 og 1949–57 var han vararepresentant til Stortinget.

Kjelder

Magne Velure: «Olav Kolltveit (1894–1979)», Hardanger 1979, s. 1–3.

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/search?query=any,contains,olav%20kolltveit&tab=default_tab&search_scope=default_scope&vid=BIBSYS&lang=no_NO&offset=0

Bibliografi for tidsskriftet Hardanger, hardanger-historielag.com http://hardanger-historielag.com/no/bibliografi--bokkjoep.aspx

Først publisert: 25.11.2019
Sist oppdatert: 25.11.2019