Hopp til innhold
Olav Lofthus. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med museet.
Olav Lofthus. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med museet.
X
Innhald

Olav Lofthus

Olav Lofthus var lærar, journalist og redaktør i Bergens Tidende. Seinare har han særleg vore hugsa for innsatsen sin i venstrerørsla.

Olav Lofthus var fødd 8. oktober 1847 i Ullensvang i Hardanger og døydde 10. august 1894. Han var elev ved Voss høgre Allmugeskule i 1861–62 og tok lærarutdanning ved Stord seminar i 1866–68. Sommaren 1869 gjekk han lærarkurs i gymnastikk og våpenbruk i Kristiansand.
Lofthus praktiserte som lærar i Vik i tre år og eitt år i Ullensvang i tidsrommet 1862–66. Saman med presten J.E. Unger dreiv han skule for gutar i Norheimsund i 1869–70. Frå 1870 var Lofthus lærar ved Konows folkehøgskule på Halsnøy, og i 1871 ved Kristi Krybbe i Bergen. Han slutta same året, då han vart journalist i Bergens Tidende, og frå 1872 til 1894 ansvarleg redaktør, frå 1874 ei tid saman med Lars Holst.
Lofthus var med og etablere Bergens Venstreforening og var i 1884 med på Venstre sitt konstituerande møte i Kristiania. Frå 1875 til 1889 var han formann i Bergens Folkevæpningssamlag, ei skyttar- og idrettsforeining som sprang ut av venstrerørsla.
Lofthus var oppteken av målsak og skreiv artiklar og skjønnlitterære tekstar på landsmål i mellom anna Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd, der han òg var redaktør og formann i 1875. Bergens Tidende gav spalteplass til begge målformer og var viktig for landsmålsbrukarar medan Lofthus sat i redaktørstolen. Avisa var opposisjonsorgan fram til Venstre sitt endelege gjennombrot i 1880-åra. Lofthus rekrutterte skribentar frå det vitskaplege miljøet ved Museet i Bergen.
Kort tid før han døydde, bad han Bolette Pavels Larsen, litteraturkritikar i Bergens Tidende og forfattar, om å samle og gi ut dikta hans med eit føreord, men utan konkrete føringar for kva ho skulle ta med. Larsen gjorde eit utval der ho inkluderte fleire songar, prologar og dikt, mellom dei diktet «Hardingfela», som var «blandt den skjønneste poesi vi eier» etter hennar meining. Samlinga, med tekstar på begge målformer, vart utgitt posthumt.
Kjelder
Hans Fredrik Dahl (red).: Norsk presses historie 1660–2010, bd. 1. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Olav Lofthus: Sange og Digte, med føreord og i utval ved Bolette C. Pavels Larsen. Bergen 1894
C.S. Schilbred: «Olav Lofthus», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 16.04.2018