Faktaboks

Arvid Møller
Fødd
14. oktober 1939, Strinda, Trøndelag
Død
27. september 2020
Arvid Møller, 2011
Arvid Møller, 2011
Av /𝒲.
Lisens: CC BY 3.0

Arvid Møller var ein norsk journalist og forfattar. Han skreiv over hundre bøker, om kvardagsmenneske og kongelege, om kunstnarar og om folk og forhold i Jotunheimen.

Bakgrunn

Arvid Møller var fødd i Strinda (no Trondheim) i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han voks opp på Voss i Hordaland (no Vestland) og døydde på Lillehammer i Innlandet. Etter examen artium i 1959 var han eitt år journalist i Gula Tidend. Deretter arbeidde han i Fredrikstad Blad, i Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer og i Dagningen, før han i 1969 tok til i NRK Lillehammer. I NRK vart han verande i 40 år og arbeidde særleg med kulturformidling. Han laga rundt 3000 portrettintervju på desse åra.

Forfattarskapen

Møller var ein uvanleg produktiv forfattar. Han spesialiserte seg på bøker om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats. Han skreiv over 150 bøker, mange av dei portrett.

Døme på slike bøker er Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Johans dotter (1974), Gjendine (1976), Lina på prærien (1979), Jo Gjende (1979), Høvding Herman (1980), Sigurd frå Klevfos (1983), Senorita Sigrid (1985) og Lefse-Bertha (1993).

Møller har òg gitt ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, mellom anna kunstbøker og naturbøker. Han har dessutan skrive fleire bøker om medlemmer av det norske kongehuset, som til dømes dronning Maud og kronprinsesse Märtha. I 2005 gav han ut Alvheim, biografien om John Alvheim. Biografien Rolf C.: mesén og samfunnsbyggjar (2010) var hans utgiving nummer 150. Fleire bøker har tilknyting til folk og forhold i Jotunheimen, mellom anna bøkene om Gjendine Slålien, Jo Gjende, Eiliv Sulheim og Åsmund Elvesæter. Han skreiv som oftast bokmål, men gav òg ut bøker på nynorsk.

Utmerkingar

I 1969 vart han heidra med Austmannaprisen av Austmannalaget, i 2000 fekk han Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og i 2005 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk, Oslo 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg