Faktaboks

Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Julius Mortensson-Egnund

Opphavleg Ivar Julius Mortensen, Mortensson-Egnund frå 1918

Fødd
24. juli 1857, Alvdal i Folldal, Innlandet
Død
16. februar 1934, Folldal, Innlandet
Verke
Prest, forfattar og språkmann
Familie

Foreldre: Stortingsmann og gardbrukar Morten Mortensen (1816–1910) og Anne Petronelle Tangen (1822–1909).

Gift 13.7.1894 med Karen Nilsen (9.4.1866–15.5.1929), dotter til telegrafstyrar Christian Laurits Nilsen (1830–68) og jordmor Josine Berdine Ingvardsen (1845–1917). Namneendring til Mortensson-Egnund 1918. Bror til Per Mortenson (1855–1927; sjå NBL1, bd. 9).

Ivar Mortensson Egnund
Ivar Mortensson-Egnund
Av /Anno Musea i Nord-Østerdalen.

Ivar Mortensson-Egnund var forfattar, bibelomsetjar, prest, redaktør, anarkist og gardbrukar. Han var svært interessert i religionshistorie og mytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøne Edda-kveda om til nynorsk.

Bakgrunn

Karen og Iver Mortensson Egnund, med barna Signe og Magne
Ivar Mortensson-Egnund saman med kona Karen og barna Signe og Magne i 1907

Då Mortensson tok teologisk embetseksamen i 1883, skal han ha vore den første som brukte landsmål ved den munnlege prøva. Han hjelpte Arne Garborg med Fedraheimen frå starten og var bladstyrar frå 1883.

Kristendomen var viktig for han, men han verdsette òg andre tradisjonar og var ofte kritisk til den etablerte kyrkja. I ein tiårsperiode frå slutten av 1880-åra forkynte han anarkistiske synsmåtar. I 1909 vart Mortensson ordinert til prest, og han hadde stillingar både som stiftskapellan og som sokneprest fram til 1918. Deretter brukte han arbeidskrafta si på bibelomsetjing og andre litterære oppgåver.

Tidleg målmann

Alt frå slutten av 1860-åra gjekk Mortensson på skule i hovudstaden, og frå artiumstida var han nær ven med menn som Garborg og Moltke Moe. Han vart inspirert av Christopher Bruuns folkelege grunntankar og reiste rundt i landet for å samle segner og folkeviser.

I 1870- og 1880-åra var Mortensson av dei som gjorde mest praktisk arbeid for målsaka – gjennom skriving i Fedraheimen, målkurs i Asker og Kristiania og undervisning ved folkehøgskulen i Seljord.

Fridomspolitikk – og anarkisme

Som dei fleste målmenn i samtida høyrde Mortensson til på venstresida i politikken. Han var oppteken av ei folkeleg frigjering frå embetsveldet og pengemakta. Ut gjennom 1880-åra vart han meir radikal, og Fedraheimen enda opp som organ for ein særeigen norsk «bygdeanarkisme».

For Mortensson handla det om at ei guddomleg naturlov fanst i alle menneske. Difor ville han ha minst mogleg tvang for individet, frie semjer i staden for lover, fritt «samnøyte» eller sambruk i staden for privat eigedom. Kyrkjer og skular skulle vere heilt frie i høve til staten eller andre autoritetar.

Å vere kristen og å vere revolusjonær såg Mortensson som to sider av same sak. I dei første 1890-åra reiste han over det meste av Sør-Noreg og heldt eit par hundre foredrag om emne som «Kristendomen», «Fridomen» og «Matløysa» – og om Arne Garborg.

Bibelomsetjar, mytegranskar og prest

Allereie i studietida byrja Mortensson å setje om bibelske og andre religiøse tekstar til norsk landsmål. Han la seg nærmare austnorsk talemål enn dei trufaste Ivar Aasen-tilhengjarane, og han la så stor vekt på å gi att poesien i tekstane at det stundom låg nærmare gjendikting enn direkte omsetjing.

Samstundes skal det seiast at det poetiske er eit integrert og avgjerande element i mange av dei bibelske grunntekstane. Det gjeld ikkje minst profetbøkene og songane i Det gamle testamentet. I den første heile Bibelen på nynorsk (som Studentmållaget gav ut i 1921) var det Mortensson som stod bak omsetjingane av Høgsongen, Joel og Amos.

Etter «anarkistrida» kring 1890 og nokre år som gardbrukar fordjupa Mortensson seg i religionshistoria og freista å finne samklang mellom gamle mytar frå Bibelen, Norden og det fjerne Austen. Vitskapleg vurdert var nok granskingane «meir fantasiflog og arbeidshypotesar enn klårt utforma meiningar, meir biletrike diktarsyner enn saklege resultat» (Olav Midttun). Men engasjementet ber tydeleg bod om Mortenssons opne og søkjande haldning til grunnspørsmåla i tilværet.

Som 42-åring tok han praktisk-teologisk eksamen og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja. Etter ei kort tid som stiftskapellan i Hamar vart han sokneprest i Fyresdal 1910–1914, deretter stiftskapellan med ansvar for nynorskgudstenester i Kristiania og til slutt sokneprest i Løten 1916–1918.

Venesæl vismann og dugande diktar

Arne Garborg, 1923

Arne Garborg ved skrivepulten sin på Labråten i 1923. Dette er truleg det siste fotoet som blei tatt av Garborg. På veggen ovanfor skrivepulten heng eit bilete av Ivar Aasen.

Av /Nasjonalbiblioteket.

Mortensson er skildra som både alvorleg og morosam. Han var ein idealistisk tenkjar som ville alle vel. Talande i så måte er vitnemålet som biskop Jens Tandberg gav han i 1916: «Tiltrods for sin tidligere virksomhed som redaktør for et 'anarkist-kommunistisk organ' er hr. Mortensson personlig en meget fredsæl og omgjængelig mand.»

Gjennom eit langt liv gjorde han ein stor innsats for målsaka i Noreg. Frå den vide litterære produksjonen kan nemnast utgreiinga Bondeskipnad i Noreg i eldre tid, det historiske skodespelet Varg i veum, biografiar om Ivar Aasen og Arne Garborg og diktsamlinga Paa ymse Gjerdom. Ein tekst av Mortensson som mange kjenner framleis, er «Flaumen går, i Noreg er vår».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bondevik, Jarle (2003): Og Ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske Bibelen. Bergen: Norsk Bokreidingslag
  • Langen, Klaus (1957): Ivar Mortensson Egnund. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket

Faktaboks

Ivar Mortensson-Egnund
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036397000197

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg