Faktaboks

Olav Myre
Fødd
17. oktober 1878, Trondheim, Trøndelag
Død
12. april 1954, Oslo
Verke
Pressemann og bibliofil
Familie

Foreldre: Skipper Ole Ellefsen Myre (1827–1903) og Karoline Olsen (1831–1927).

Gift 1909 med Eva Holm (9.11.1889–1975), datter av tollbetjent Ludvig Holm (f. 1840) og Sofie Scheen (f. 1847).

Olav Myre var ein norsk pressemann og boksamlar. Han skreiv bøker og avisartiklar om kjende og lite kjende emne frå bokkulturen.

Bakgrunn

Olav Myre var fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) og døydde i Oslo. Etter folkeskulen arbeidde han som visargut, som kontorhjelp på sakførarkontor og som journalist, før han tok handelsskuleeksamen i 1902 og vart tilsett i trondheimsavisa Dagsposten. I 1904–1905 studerte han i Storbritannia og Tyskland. Deretter slo han seg ned i Kristiania og arbeidde i Ørebladet frå 1907.

Pressearbeid og forfattarskap

I 1910 starta han Myres Pressebyrå, som etter kvart leverte stoff til hovudstadsavisene i konkurranse med NTB. I 1918 tok byrået òg til å formidle annonsar og reklame. Han dreiv byrået fram til 1935, då sonen Odd tok over og firmaet skifta namn til Myres Reklamebyrå.

Myre var korrespondent for United Press i 1925–1944. Han gav ut fleire bøker om forfattarar, bokkunst og pressehistorie, mellom anna Johan Herman Wessel på strøket og i bibliofilien (1942), Presten og trykkeren (1943 og 1945) og Svunne tiders sensasjoner. Streiftog gjennom norsk pressehistorie (1944). Han var ein ivrig boksamlar, ein bibliofil, hadde ei stor samling og skreiv avisartiklar om kjende og mindre kjende bokemne. I mange år hadde han «bokkronikkar» i Aftenposten.

Andre verv og engasjement

Myre var med og skipa Trondhjems Journalistklubb i 1903, og han var medlem av styret i Bibliofilklubben i 1921–1923 og formann i 1931–1932 og 1943–1944. I perioden 1930–1936 var han styremedlem for Norsk Bokkunst. Han hadde også verv i Norsk Presseforbund.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav Myre. En bibliografi. Utgitt i anledning av hans 65-årsdag den 17.oktober 1943. Oslo 1943
  • Olav Myre. Festskrift til hans 70-årsdag utgitt av venner. Oslo 1948
  • Olav Myre: Svunne tiders sensasjoner. Streiftog gjennem norsk pressehistorie. Oslo 1944

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg