Hopp til innhold
X
Innhald

Dag H. Nestegard

Dag Hestetræet Nestegard er forfattar, journalist, filmskapar og redaktør. Han skriv både sakprosa og skjønnlitteratur og har lang røynsle som kommunikasjonsrådgivar.

Dag Nestegard er fødd 10. februar 1968 i Florø og er busett i Ås i Akershus. Han var elev ved Flora vidaregåande skule i 1984–87 og tok avislinja ved Skjeberg Folkehøyskole i 1989–90. Åra 1992 til 1994 studerte han radiojournalistikk ved Høgskulen i Volda. Nestegard har cand.mag.-grad i midtaustenkunnskap og teologi frå Universitetet i Oslo (2003) og mastergrad i litteratur frå Høgskolen i Vestfold (2015).

Frå 1990 til 1991 var Nestegard journalist i Firdaposten i Florø, før han var tilsett i NRK frå 1992 til 2002. Her var han nestleiar i utanriksredaksjonen i to år, og hausten 2001 var han utanrikskorrespondent i Midtausten. Nestegard var kommunikasjonsrådgivar og taleskrivar i Fiskeridepartementet i 2002–04 og i Samferdselsdepartementet i 2008–10. Åra 2011 til 2014 var han redaktør i bokbransjetidsskriftet Bok & samfunn. Frå 2015 er han tilsett som kommunikasjonsrådgivar i Bane NOR.

Gjennom sitt eige selskap, Nestegard media, laga han i 2007 dokumentarfilmen Vekkelsen for NRK. Filmen tok for seg samanhengar mellom islamsk vekking og terror i den vestlege verda. Seinare starta han Stang Media saman med Frode og Sølve Stang, begge kollegaer frå NRK.

Nestegard debuterte som forfattar i 2013 med biografien Atlanterhavsflygaren Thor Solberg. ei røvarhistorie. Solberg var ein flypioner og eventyrar frå Florø. I 2016 kom biografien om tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Kjell Opseth – Hestehandlaren Kjell Opseth. Opseth sat på Stortinget i heile fem periodar og var statsråd i to regjeringar. Nestegard skildrar Opseth som ein handlekraftig og viljesterk samferdselsminister, med stor politisk kløkt og gjennomslagskraft. I 2019 kom Vegar gjennom fjell, ei bok om sju tunnelar som skapte viktige endringar i kvardagen til folk.[SS1] 

I 2018 gav Nestegard ut den første romanen sin. Songen frå Toledo er ei kjærleikserklæring til arabisk kultur, samstundes som handlinga geografisk og lokalhistorisk er forankra både i Skottland og på den vesle øya Kinn utanfor Florø.

Kjelder

E‑post frå Dag H. Nestegard 28.3.2019

Forfattarside hos Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/dag-h-nestegard [lesedato 22.3.2019]

Nettstaden til Dag H. Nestegard, daghnestegard.no: https://www.daghnestegard.no/ [lesedato 22.3.2019]

Peikarar

Asgeir Heimdal Reksnes: «– Samarbeidet med Gro var eineståande», nrk.no https://www.nrk.no/sognogfjordane/xl/_-samarbeidet-med-gro-var-einestaande-1.13164770
Liv Standal: «For første gong har Dag dikta – no gir han ut roman», firdaposten.no https://www.firdaposten.no/kultur/kulturhistorie/kinnakyrkja/for-forste-gong-har-dag-dikta-no-gir-han-ut-roman/s/5-16-267384

Først publisert: 22.11.2019
Sist oppdatert: 22.11.2019