Faktaboks

Magni Øvrebotten
Fødd
12. juni 1954, Bremanger, Sogn og Fjordane

Magni Øvrebotten er ein norsk journalist, som har prega både distriktsjournalistikken i NRK og norsk journalistutdanning.

Journalistkarriere

Ho er utdanna ved Norsk Journalisthøgskule frå 1976 til 1978.

Etter eit sommervikariat i Gula Tidend i 1971 arbeidde ho som journalist i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho kom til NRK sitt kontor i Sogn og Fjordane i 1980, der ho var redaksjonssjef frå 1985 til 1990 og distriktssjef frå 1990 til 2004.

Utdanningsleiar

Øvrebøtten var dagleg leiar ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde frå etableringa i 2004 til 2021. Mediesenteret lærer kvart år opp ti nye multimediale og nynorskbrukande journalistar i året.

Ho var styremedlem i Språkrådet frå 2004 til 2006, og nestleiar same stad frå 2006 til 2010.

I 2013 fekk ho Nynorsk redaktørpris.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg