Olav Randen
Synnøve Riste
Synnøve Riste
Synnøve Riste, målkvinne og redaktør. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk.
Ola Raknes
Ola Raknes, filolog og psykoanalytikar, internasjonalt kjend som ein av Wilhelm Reichs næraste elevar og forsvararar.
Ingelin Røssland
Ingelin Røssland
Ingelin Røssland, forfattar som med bøkene sine for ungdom har markert seg med røffe, men samansette jenteroller, humoristiske replikkar og eit språk utan pedagogisk filter.
Kjersti Rorgemoen
Kjersti Rorgemoen
Kjersti Rorgemoen, litteraturvitar, forfattar og frilansskribent med ein særeigen skrivestil og eit skrått og humoristisk blikk på kvardagslivet.
Lars Reinton
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, journalist og dekan ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, er ein språksikker og allsidig medieprofil med eige huglaug (fanklubb).
Magne Rommetveit (1918–2009)
Magne Rommetveit, ordbokredaktør og organisasjonsleiar. Han organiserte ein konkurrent til Noregs Mållag i 1955, men blei seinare heidersmedlem i Noregs Mållag.
Agnes Ravatn
Agnes Ravatn
Agnes Ravatn, forfattar og journalistisk essayist med ei observant, frekk og morosam form og med ei tydeleg litterær røyst.
Egil Johan Ree
Egil Johan Ree, programmedarbeidar i NRK. Han var ein stilkresen kåsør og ein framifrå radiojournalist.
Aani Rysstad
Aani Rysstad, pressemann, som var den første redaktøren i Nynorsk Pressekontor.
Kjartan Rødland
Kjartan Rødland, pressemann og forfattar. Han har arbeidd i aviser både i nord og sør, og var i ni år sjefredaktør i Bergens Tidende.
Henning Rivedal
Henning Rivedal
Henning Rivedal, journalist, forfattar og kulturarbeidar. Tidleg i 1970-åra var han med på å lansere nynorsk innanfor fleire fjernsynssjangrar på riksfjernsyn.
Frank Rossavik
Frank Rossavik
Frank Mauritz Rossavik, journalist og forfattar, med biografien om Einar Førde som eit av sine viktigaste og beste arbeid.
Joachim Rønneberg
Joachim Rønneberg
Joachim Rønneberg leia sabotasjen mot tungtvassfabrikken på Rjukan under andre verdskrigen.
Johann Roppen
Johann Roppen
Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda og professor i journalistikk. Han har gjennom forsking vist korleis endringar i eigarrolla påverkar journalistikken.
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset, sosionom, journalist og barnebokforfattar. Fleire av bøkene hennar handlar om livet til born i Noreg under andre verdskrigen.
Ola J. Rise
Ola J. Rise, norskamerikansk bladmann og forfattar. Han var ein av dei mest markerte målmennene i det norskamerikanske miljøet i byrjinga av 1900-talet.
Knut Knutsen Rudie
Knut Knutsen Rudie, lærar, snikkar, målmann og diktar i det norske Amerika.
Olav Rytter
Olav Rytter
Olav Rytter, journalist og kringkastingsmann, filolog og omsetjar. Han var ei norsk røyst i kringkastinga frå London under krigen og den første redaktøren i avisa Dag og Tid.
Hans Reynolds
Hans Reynolds, journalist og forfattar. Han engasjerte seg i samhaldet innanfor det gamle norrøne området rundt Atlanterhavet og var svært aktiv under striden om Aust-Grønland.