Hopp til innhold
     Foto: Stig Vågnes.
Foto: Stig Vågnes.
X
Innhald

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, journalist og dekan ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, er ein språksikker og allsidig medieprofil med eige huglaug (fanklubb). 

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er fødd 9. mai 1975 i Volda. Etter eksamen frå Volda vidaregåande skule i 1994 gjekk ho fjernsynslinja ved Danvik folkehøgskule 1994–95 og tok journalistutdanning på radiolinja ved Høgskulen i Volda 1997–99. Ho har òg teke emne i statsvitskap. I 2015 fullførte Rotevatn mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

I åra 1995–98 kombinerte ho studia med journalistarbeid i Sunnmørsposten og Bergens Tidende. I åra 1999–2002 var ho programleiar i NRK Dagsnytt. Ho var vaktsjef og reporter i NRK Her og nå i 2002 og programleiar i NRK Sporten 2002–2003. Frå 2003 til 2008 arbeidde ho i Kanal 24. Der var Rotevatn med og bygde opp nyhenderedaksjonen til radiostasjonen opna 1. januar 2004. Ho var debattredaktør 2004–2006 og nyhenderedaktør frå 2006. 2009–10 var ho rådgivar i I&M Kommunikasjon i Ålesund. Frå 2010 til 2016 var Rotevatn dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Allkunne AS, og var med og bygde opp Allkunne til eit meir allment og aktuelt oppslagsverk. Frå 2016 er ho dekan ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Ho har vore fast spaltist i Bergens Tidende, Vårt Land, Språknytt, E24 og Dag og Tid. Ho har òg hatt ei rekkje verv, mellom anna som styremedlem i Dag og Tid 2001–04 og 2008–09, medlem av utval for periodiske publikasjonar i Norsk kulturråd 2009–2014, rådsmedlem i Norsk Barneblad 2009–2016, medlem i fagrådet for samfunn og høgre utdanning i Språkrådet 2011–2015, styremedlem i NRK 2010–2018, frå 2013 varamedlem i Personvernnemnda og frå 2018 juryleiar for Klarspråkprisane.

Rotevatn fekk Kringkastingsprisen i 2004 og Alf Helleviks mediemålpris i 2005. Ho har sidan 29.12.1999 hatt eigen fanklubb, i dette tilfellet kalla huglaug, og blei i 2003 nominert til Årets tv-fjes.

Først publisert: 02.06.2010
Sist oppdatert: 31.07.2019