Hopp til innhold

Ingunn Røyset

Ingunn Røyset, sosionom, journalist og barnebokforfattar. Fleire av bøkene hennar handlar om livet til born i Noreg under andre verdskrigen.

Ingunn Røyset er fødd 18. september 1965 på Hareid er og busett i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Ho var elev ved Ulstein vidaregåande skule i 1981–84 og reiste deretter til Oslo og utdanna seg til sosionom. Ho har ein allsidig yrkesbakgrunn, mellom anna som stylist, sosialkurator og budeie. Sidan 1997 har ho arbeidd som journalist i Vikebladet Vestposten.

Røyset debuterte som barnebokforfattar i 2012 med biletboka Prins Storm. Temaet i boka er tilhøyrsel og retten til å vere seg sjølv, og ho handlar om guten Storm, som ikkje heilt passar inn. I 2014 og 2015 kom to barneromanar om Dagny: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. 10-åringen Dagny opplever i begge bøkene ei tidsreise tilbake til andre verdskrigen. Røyset skriv eit dialektnært nynorsk, og måten hennar å sy saman krigshistorie og barndomsminne på er truverdig, spennande og engasjerande.

2017 kom dokumentaren Brevet frå krigen. Røyset skildrar med innleving korleis det var å vere barn under andre verdskrigen gjennom små, men også dramatiske hendingar i dagleglivet til Jorun Emilie Horn frå Oslo, som var 12 år gamal då tyskarane gjekk til åtak på Noreg. Røyset skildrar historia levande, slik at unge lesarar skal forstå krigen betre, og samtidig er ho oppteken av det universelle i korleis det er å vere menneske.

Kjelder

Magnhild Bruheim: «Ny NBU-medlem: Ingunn Røyset», nbuforfattere.no: http://www.nbuforfattere.no/2015/01/06/ny-nbu-medlem-ingunn-royset/ [lesedato 18.5.2017]

«Ingunn Røyset», forfattaromtale på Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/ingunn-royset [lesedato 18.5.2017]

Peikarar

Øystein Espe Bae: «Ingunn Røyset: Prins Storm», nynorskbok.no 

Guro Sollie Hansebakken: «Debuterer som barnebokforfattar», vikebladet.no 

Eivind Myklebust: «Høgt spel over ein låg sko», barnebokkritikk.no

Ole Jørgen Nøstbakken: «Ingunn Røyset: Brevet frå krigen», skuledagboka.blogspot.no 

Anne Marta Vinsrygg Vadstein: «Ingunn Røyset: Aldri fred å få», nynorskbok.no 

Først publisert: 28.06.2017
Sist oppdatert: 28.06.2017