Hopp til innhold
Kjersti Rorgemoen. Foto: © Helge Hansen/Kolon Forlag.
Kjersti Rorgemoen. Foto: © Helge Hansen/Kolon Forlag.
X
Innhald

Kjersti Rorgemoen

Kjersti Rorgemoen, litteraturvitar, forfattar og frilansskribent med ein særeigen skrivestil og eit skrått og humoristisk blikk på kvardagslivet.

Kjersti Rorgemoen er fødd 3. januar 1982 i Vinje i Telemark og bur no i grannekommunen Tokke. Ho tok vidaregåande skule i 1998–2001 og var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004–05. Rorgemoen fullførte mastergraden i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen i 2007, med oppgåva «Her er mine Dyr. Ei undersøking av essaysubjektet i Ferdaminni fraa sumaren 1860». Frå 2007 var ho tilsett som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet, og ho har vore redaksjonsmedlem i Vagant (2011–12) og frilansskribent for Dag og Tid og litteraturtidsskriftet Kraftsentrum. Frå 2016 sit Rorgemoen i styret for Litteraturdagane i Vinje.

Saman med Maja Ulset, Anja Ulset og Agnes Ravatn var ho redaktør av undergrunnsfanzinen Ikke til hjemlån i perioden 2006–08. I 2008 gav dei ut høgdepunkta frå fanzinen i bokform.

Kjersti Rorgemoen debuterte som forfattar i 2009 med kortprosaboka Purkene snudde seg. Boka inneheld eit tjuetals notat skrivne av den ikkje heilt tilpassa 42 år gamle figuren Magna Bekk, og det heile er pinleg, absurd, muntert og dystert.

I 2015 kom romanen Håpet og festen. Hovudpersonen har mykje til felles med Magna Bekk og er ei kvinne i 30-åra som livet har stagnert for. Ho arbeider ved makuleringstenesta til Fretex i Bergen. Rorgemoen har ein skrivestil der snodige tankesprang, sjølvanalyse og skarpe observasjonar blir formidla gjennom korte kapittel og eit finstilt og humoristisk språk. Begge bøkene til Rorgemoen er blitt godt mottekne.

Rorgemoen fekk Natt & Dag sin Bergenspris for Purkene snudde seg i 2009 og var nominert til Ungdommens kritikarpris i 2016.

Kjelder

Om Kjersti Rorgemoen på nettsidene til Kolon Forlag: http://www.kolonforlag.no/authors/details/37 [lesedato 18.2.2016]

Om Kjersti Rorgemoen på nettsidene til Samlaget: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/r/kjersti-rorgemoen.aspx [lesedato 18.2.2016]

Peikarar

Leif Ekle: «Fin oppfølging fra Rorgemoen», nrk.no

Leif Ekle: «Det besynderlige livet – og grisene», nrk.no

Om romanen Håpet og festen, ungdommenskritikerpris.no

«Fra arkivet: JEGBORHER presenterer (proudly): Kjersti Rorgemoen», beijingtrondheim.no

«Her er Bergensprisvinnerne», nattogdag.no

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 30.08.2016