Hopp til innhold

Nils Nilsson Skaar

Nils Nilsson Skaar, avisredaktør og lokal- og rikspolitikar frå Hardanger. Han dreiv avisa Hordaland Folkeblad gjennom meir enn ein mannsalder og sat som stortingsrepresentant mest like lenge.
Les meir om Nils Nilsson Skaar

Vegard Sletten

Vegard Sletten, ungdomslagsmann, redaktør og forfattar. Han skreiv på nynorsk i Verdens Gang fleire tiår før det blei ei politisk sak å få meir nynorsk i rikspressa.

Les meir om Vegard Sletten

Kristoffer Sælid

Kristoffer Oveson Sælid, lektor og norskdomsmann. Han var ein av dei som sytte for at norskdomsarbeidet ikkje blei nazifisert under den tyske okkupasjonen.
Les meir om Kristoffer Sælid

Ketil Skogen

Ketil Skogen, sakførar, sorenskrivar, redaktør, politikar og kraftutbyggjar. Han var den første som tok juridisk embetseksamen på landsmål.

Les meir om Ketil Skogen

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er ein av dei mest markante pressefolka i landet. Som politisk redaktør i Aftenposten og før det som aktiv journalist og ansvarleg redaktør i Dagbladet, har han vore med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg.

Les meir om Harald Stanghelle

Kåre Skadberg

Kåre Skadberg, ordboksredaktør, tidlegare kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd. Saman med Aud Søyland førte han arbeidet med Nynorsk ordliste av Alf Hellevik vidare.

Les meir om Kåre Skadberg

Ole Sandvik

Ole Mørk Sandvik var utdanna teolog og den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. Han var folkemusikksamlar, pedagog og forfattar.

Les meir om Ole Sandvik

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl, bladmann og forfattar. Han la ned ein stor innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg. Snøfugl viste mot under andre verdskrigen, då han som einaste redaktør trykte nekrologar over falne norske soldatar.

Les meir om Johan Snøfugl

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik, cand.philol., journalist, forfattar, sjefredaktør i Broen.xyz og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er ei tydeleg røyst i den offentlege debatten.

Les meir om Hilde Sandvik

Herbjørn Sørebø

Herbjørn Sørebø, politisk journalist, forfattar, kommentator og kåsør. Han var tilsett i NRK i meir enn 30 år og var med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg. Sørebø var ein synleg nynorskmann, som i fleire år fekk mykje kritikk for språket sitt.

Les meir om Herbjørn Sørebø

Helge Simonnes

Helge Atle Simonnes, siviløkonom, journalist, konsernsjef i Mentor Medier, administrerande direktør og sjefredaktør i avisa Vårt Land i nærmare 30 år.

Les meir om Helge Simonnes

Kristen Stalleland

Kristen Stalleland, redaktør og bonde. Frå heimstaden sin i Aust-Agder skapte han det første barnebladet på landsmål, som i dag er eitt av dei eldste barneblada i verda.
Les meir om Kristen Stalleland

Peter Slotsvik

Peter Joakim Kristian Slotsvik, ungdomslagsleiar og redaktør. Han var norskdomsmannen som i fleire tiår redigerte ei avis på norskdansk i Østfold.

Les meir om Peter Slotsvik

Helge Seip

Helge Lunde Seip, redaktør og politikar. Han var partileiar, stortingsrepresentant og statsråd for Venstre, også kjend som ein kunnskapsrik valkommentator i radio og fjernsyn.

Les meir om Helge Seip

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard, journalist og forfattar med interesse for krigstematikk. Ho er òg oppteken av kvinner i norsk presse- og litteraturhistorie.

Les meir om Sigrun Slapgard

Reidar Storaas

Reidar Storaas, forfattar og journalist som nyttar begge målformer. Gjennom ei årrekkje har han vore med på å utforme kulturstoffet i Bergens Tidende.

Les meir om Reidar Storaas