Arnhild Skre er ein norsk historikar, journalist og forfattar.
Skre er cand. philol. med hovudfag i historie. Hovudfagoppgåva omhandlar forholdet mellom parti og presse i norsk etterkrigstid. Ho var frå 2003 til 2010 leiar i Norsk Pressehistorisk Forening og har sidan 2010 vore redaktør i Pressehistorisk tidsskrift. Frå 1978 til 2008 arbeidde Skre som journalist i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Frå 1990 til 1993 var ho ansvarleg redaktør i Dag og Tid, og i perioden 1995 til 1999 var ho avdelingsleiar for Aftenpostens kulturreportasjeredaksjon. Sidan 2009 har ho vore sjølvstendig forfattar og formidlar. I 2011 fekk ho Brageprisen for biografien sin om Hulda Garborg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.