Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Skjervøy

Audun Skjervøy, journalist, forfattar, lokalpolitikar, jordbær- og potetbonde og tidlegare redaktør i den nynorske vekeavisa Dag og Tid.

Audun Skjervøy er fødd 26. juni 1960 og er busett i Valldal i Norddal kommune i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1976–79 og har arbeidd som journalist, forfattar og bonde.

 

Skjervøy var redaktør i Dag og Tid frå 1993 til 2001. Dag og Tid er ei partipolitisk uavhengig vekeavis som blir redigert på nynorsk. Etter at han var redaktør, har han vore jordbær- og potetbonde i Valldal. Skjervøy er òg medeigar i Språksmia, frå 2002. Han var redaktør av lokalavisa Storfjordnytt på Indre Sunnmøre, som òg blir redigert på nynorsk, i 2016–17.

 

Skjervøy var ordførarkandidat for den uavhengige Norddalslista ved lokalvalet i 2011, og han var vald inn som medlem av kommunestyret i Norddal i tre periodar (2003–15).

 

Han var aktiv i samband med folkerøystinga om EU i 1994 og skreiv Folkestyre eller union. Valet er ditt (1993). Skjervøy har gitt ut Kvalboka (1997), ei fagbok for born om kvalar. Han var òg bidragsytar i dokumentarboka Den glemte armé. I skyggen av hjemmefronten, av Anders Johansson (2008).

 

Skjervøy har vore leiar av Valldal Bondelag, medlem av styret i Møre og Romsdal Bondelag i 2009–11, styret i Norddal Mållag frå 2011, nestleiar av Landsbruksmuseet for Møre og Romsdal, medlem av Grøntutvalet på Vestlandet og frå 2002 styreleiar i Språksmia AS, som tilbyr teksttenester.

 

Kjelder

Terje Engås: «Annonsekutt trugar lokalavis», smp.no: http://www.smp.no/nyheter/2016/12/16/Annonsekutt-trugar-lokalavis-13942155.ece [lesedato 20.2.2017]

Terje Engås: «Fekk flest røyster sist – stiller truleg ikkje liste», smp.no: http://www.smp.no/nyheter/indre/article10785169.ece [lesedato 20.2.2017]

Arild Erlien: «Bondelagsstyret på Vestlandsbesøk», bondelaget.no: https://www.bondelaget.no/nyheter/bondelagsstyret-pa-vestlandsbesok-article84613-5079.html [lesedato 20.2.2017]

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017