Hopp til innhold
Cathrine Sandnes. Foto: Christopher Olssøn (brukt med løyve frå Manifest).
Cathrine Sandnes. Foto: Christopher Olssøn (brukt med løyve frå Manifest).
X
Innhald

Cathrine Sandnes

Cathrine Sandnes, redaktør, journalist og forfattar. Ho har markert seg i kultur- og samfunnsdebatten som skribent, redaktør og leiar for tankesmia Manifest.

Cathrine Sandnes er fødd 19. mars 1972 i Seoul i Sør-Korea og voks opp i Røyken i Buskerud. Ho tok mellomfag i litteraturvitskap i 1992 og i nordisk i 1998, begge ved Universitetet i Oslo.

I 1990-åra arbeidde Sandnes òg som journalist, mellom anna i Natt&Dag, Morgenbladet og Arbeiderbladet (no Dagsavisen). Ho var kulturredaktør i Dagsavisen frå 1998 til 2000 og seinare frå 2002 til 2005. I 2006 byrja ho som redaktør for tidsskriftet Samtiden, som blei kåra til årets tidsskrift året etter. I 2014 slutta ho i Samtiden og tok til som leiar for Manifest senter for samfunnsanalyse og som dagleg leiar for Manifest forlag. Sandnes har vore ein aktiv samfunnsdebattant, mellom anna i spørsmål om feminisme og arbeidsliv, litteratur og idrett. Ho har vore spaltist i Kvinner og klær og Dagbladet, og litteraturkritikar i Aftenposten.

I 1999 var Sandnes medredaktør for boka Matriark. Nesten sanne historier om å være kvinne saman med Beate Nossum og Christina Smith-Erichsen. I 2002 skreiv ho ei bok om fotball-VM i Sør-Korea og Japan med tittelen Fotball-VM 2002. Reisen østover.

Frå 2009 til 2013 sat Sandnes i stemmerettskomiteen som planla og gjennomførte stemmerettsjubileet i 2013. Ho har òg vore noregsmeister i karate 13 gonger, og under EM i Finland i 1994 tok ho bronsemedalje i kickboksing.

Sandnes fekk «Gullpennen» av Riksmålsforbundet i 2004.

Kjelder

E‑post frå Cathrine Sandnes 30.6.2015

Roy Wahlstøm: «Banket opp på første trening», intervju med Sandnes i Dagbladet 6.11.2005: http://www.dagbladet.no/sport/2005/11/06/448531.html [lesedato 29.6.2015]

Peikarar

Steinar Solås Suvatne: «Til kamp for fellesskapet», intervju med Sandnes i Dagbladet 17.10.2014

Først publisert: 08.01.2016
Sist oppdatert: 28.01.2016