Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Simonnes

Helge Atle Simonnes, siviløkonom, journalist, konsernsjef i Mentor Medier, administrerande direktør og sjefredaktør i avisa Vårt Land i nærmare 30 år.

Helge Simonnes er fødd 21. desember 1955 i Vanylven i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1971–74, studerte statsvitskap og økonomisk administrasjon ved Distriktshøgskolen i Molde i 1979–82 og er utdanna siviløkonom frå BI i 1985. Han tok første avdeling jus ved Universitetet i Oslo i 1987.

Simonnes arbeidde deltid som journalist i Sunnmørsposten i 1972–82. Han blei tilsett som marknadssjef i Vårt Land i 1985, var konsernsjef i Mediehuset Vårt Land i 1991–2015. I perioden 1987–2016 var han administrerande direktør og sjefredaktør i Vårt Land.

Mediekonsernet han leidde, endra namn til Mentor Medier i 2009. Med avisa Vårt Land i sentrum, omfattar det mellom anna Dagsavisen, Rogalands Avis, Ny Tid og Le Monde Diplomatique. Simonnes har sett spor etter seg i mediebransjen. Han har vore viktig for mediemangfaldet i Noreg mellom anna gjennom arbeidet sitt for å sikre pressestøtta, han nyt stor respekt, og han viser handlekraft og redaksjonell klarleik. Han har dessutan vore mykje brukt i ordskifte i radio og fjernsyn i ei årrekkje.

Simonnes er styreleiar i Norsk Presseforbund og styreleiar i Dagsavisen. Frå 1999 til 2002 var han styreleiar i Norske Avisers Landsforbund og Mediebedriftenes Landsforbund. Han fekk heidersprisen til Oslo Redaktørforening i 2016.

Kjelder

Bjørn Åge Mossin: «Gir seg som Mentor-sjef», journalisten.no: http://journalisten.no/2014/12/gir-seg-som-mentor-sjef [lesedato 26.4.2016]

Alf Kjetil Walgermo: «Helge Simonnes går av i Vårt Land», vl.no: http://www.vl.no/kultur/helge-simonnes-g%C3%A5r-av-i-v%C3%A5rt-land-1.433433 [lesedato 3.4.2016]

Arild Johan Waagbø: «Helge Simonnes: – Jeg vet hva jeg har gitt og hva jeg har fått», panorama.himolde.no http://panorama.himolde.no/2015/12/02/jeg-vet-hva-jeg-har-gitt-og-hva-jeg-har-fatt/ [lesedato 26.4.2016]

Peikarar

Gard L. Michalsen: «Helge Simonnes fikk årets hederspris fra Oslo redaktørforening – her er hans muntre takketale», medier24.no 

Kjell Persen: «Regjeringen vil kutte pressestøtten til Dagsavisen og Vårt Land», tv2.no 

Marianne Granheim Trøyflat: «Dyrkjøpt rettetast», universitas.no 

Artiklar av Simonnes på verdidebatt.no 

Først publisert: 12.05.2017
Sist oppdatert: 12.05.2017