Henrik Straumsheim var lærar og forfattar. Han skreiv diktet «Ut mot havet», som med musikk av komponisten Edvard Fliflet Bræin har vorte ein klassikar.
Henrik Straumsheim var fødd i Sykkylven på Sunnmøre. Faren Severin, som var bonde og fiskar, og mora Anne, f. Drabløs, var litterært og musikalsk interesserte.
Straumsheim tok lærarskule i Volda. Han arbeidde først i folkeskulen, og frå 1928 til 1960 ved Møre folkehøgskule, dei siste åra som styrar. I meir enn 40 år var han frontfigur i det frilyndte ungdomsarbeidet på Sunnmøre. Han redigerte Ørsta Avis 1938–1939 og var ivrig skribent i aviser og blad. Ei tid laga han radioprogram og var ofte kåsør. Han var med på å skipe Ørsta Ungdomskor i 1939, og han sat i Statens teaterråd i åtte år etter andre verdskrigen. Straumsheim fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1960 for ungdoms- og kulturarbeidet sitt, og han vart heidersmedlem av Noregs Mållag ti år seinare.
Han debuterte med skodespelet Stølshelg. Gaman i tvo vendingar i 1917 og gav ut diktsamlingane Helgarkvede (1922), Fjordlandet (1931) og Morgonlandet (1963).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.