Hopp til innhold
Hilde Sandvik. Foto: Bergens Tidende (pressefoto).
Hilde Sandvik. Foto: Bergens Tidende (pressefoto).
X
Innhald

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik, cand.philol., journalist, forfattar, sjefredaktør i Broen.xyz og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er ei tydeleg røyst i den offentlege debatten.

Hilde Sandvik er fødd 30. april 1970 i Suldal kommune i Rogaland. Ho tok vidaregåande skule i 1986–89 og er cand.philol. med hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og «visual culture» ved Goldsmiths College i England.

Frå 2003 til 2006 var ho redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo. Sommaren 2005 var ho òg debattredaktør i Dagbladet, og ho har vore spaltist mellom anna i Klassekampen. Sandvik arbeidde i Bergens Tidende frå 2006 til 2016. Først var ho journalist, så debattredaktør, og i 2010–16 var ho kultur- og debattredaktør i avisa. Frå 2016 arbeider ho med å lage ei nordisk digital plattform for kulturdebatt og politikk, Broen.xyz, som ho er grunnleggjar av og sjefredaktør i.

I 2007 gav ho ut boka Hersketeknikk, saman med Jon Risdal. I denne boka kartla og analyserte dei hersketeknikkar brukt i Noreg i samtida. I Diverse teikningar (2007) stod Marvin Halleraker i Bergens Tidende for teikningane og Hilde Sandvik for teksten. Sandvik gav òg ut Traktorland (2008), ei bok om Jæren, saman fotografen Knut Egil Wang. I 2016 kom Svensken, dansken og nordmannen – skikk og bruk i nordisk debattkultur.

Sandvik har vore styremedlem i musikkfestivalen Borealis, nestleiar i Norsk Tidsskriftforeining og er medlem av Utvidet Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Ho var medlem av styret i Norsk Redaktørforeining 2013–17 og styremedlem i Foreningen Norden frå 2016. Sandvik har markert seg som ei tydeleg røyst i det offentlege ordskiftet, mellom anna i debatten om ytringsfridom.

Saman med Katrine Sele fekk ho Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

Kjelder

«Hilde Sandvik», presentasjon i samband med Litteratursymposiet i Odda, litteratursymposiet.no: http://www.litteratursymposiet.no/program/tidlegare-litteratursymposium/2014/hilde-sandvik [lesedato 12.12.2015]

Magni Øvrebotten: «Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar», nynorskmediesenter.no: http://nynorskmediesenter.no/wp-content/uploads/downloads/2013/06/2012.%C3%85rsrapport-NY2.pdf [lesedato 12.12.2015]

Peikarar

Roy Ellingsen: «Hilde Sandvik slutter i BT», bt.no, publisert 5.1.2016

«Vanskelig å selge kultur til nett-leserne», aftenposten.no

Line Kaspersen: «Avslører hersketeknikkene», dn.no, publisert 3.4.2007

Hjørdis Smedvig: «De råner – med traktor!», aftenbladet.no, publisert 31.10.2008

Universitetet i Bergen: «Hilde Sandvik», intervju, uib.no, publisert 10.3.2009

Først publisert: 02.05.2016
Sist oppdatert: 11.04.2019