Hopp til innhold
X
Innhald

Ingunn Solheim

Ingunn Solheim, journalist og programleiar i NRK. Med ei modig og spørjande tilnærming, og ei blanding av dialekt og normert nynorsk, er ho ein dugande debatt- og programleiar.

Ingunn Solheim er fødd 11. april 1980 i Førde, Sogn og Fjordane. Ho gjekk på Firda vidaregåande skule på Sandane frå 1996 til 1999 og har sidan teke bachelorgrad i statsvitskap ved NTNU (2003) og mastergrad i juss ved Universitetet i Oslo (2011). Mastergradsoppgåva hennar hadde tittelen «Grunnlovsfesting av diskrimineringsvernet. Sikring av eit reelt individvern».

Solheim byrja journalistkarrieren som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane, der ho arbeidde i periodar mellom 1999 og 2002. Seinare har ho vore journalist i radiokanalen Kanal 24 (2003–06) og nyhendeanker i TV 2 (2006–08). I tillegg har ho hatt sommarengasjement i Dagens Næringsliv (2008). I 2009 byrja Solheim i NRK, og sidan 2011 har ho vore tilsett som politisk journalist der. Solheim var programleiar for valsendingane i 2011 og 2013, og frå 2014 har ho vore programleiar for NRK Debatten.

Som programleiar har Solheim vist seg som ein modig og stødig ordstyrar, og spørsmåla hennar er utforma i eit klart språk. Solheim er ikkje berre medviten om rolla si som journalist og programleiar, ho er òg ein medviten språkbrukar og ein god representant for moderne, lettfatteleg nynorsk.

Solheim fekk Kringkastingsprisen i 2013, nettopp for å ha vore «ein god representant for nynorsk i fjernsynet», og i 2014 fekk ho Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Kjelder

Ingunn Solheim sin profil på LinkedIn: https://no.linkedin.com/pub/ingunn-solheim/0/314/1... [lesedato 2.11.2015]

Peikarar

Oddleif Løset: «Solheim fekk Kringkastingsprisen», nrk.no, publisert 24.9.2013: http://www.nrk.no/sognogfjordane/solheim-fekk-krin...

Intervju med Ingunn Solheim då ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, nynorskmediesenter.no: http://nynorskmediesenter.no/2014-ingunn-solheim/

Først publisert: 02.03.2016
Sist oppdatert: 02.03.2016