Hopp til innhold

Kari Sørbø

Kari Sørbø, journalist, erfaren reporter og programleiar i NRK, som mellom anna var programleiar for nyhendeprogrammet Her og nå i meir enn 20 år.

Kari Sørbø er fødd 22. juli 1955 i Bergen og voks opp i Ørsta i Møre og Romsdal. Ho var ferdig på Volda vidaregåande skule i 1975, tok norsk grunnfag og mellomfag i mediefag ved Høgskulen Volda i 1975–77 og har teke kurs ved Nordisk Journalistcenter i Århus. Ho var frilansjournalist i avisene Møre-Nytt og Sunnmørsposten før ho blei tilsett i NRK radio i 1979. Ho arbeidde i NRK Finnmark i Vadsø i 1979–86, NRK P2 i Trondheim i 1986–93 og i nyhendeavdelinga i NRK sidan 1993.

Sørbø arbeidde som reporter og programleiar for NRK sitt aktualitetsprogram Her og nå mellom 1987 og 2009. Sidan det har ho vore reporter for NRK Trøndelag, og i 2013–16 var ho dessutan programleiar i NRK radio sin digitale kanal P1+.

Sørbø er ein nestor i NRK og har stort truverde og tillit blant lyttarane, og ho har ein intervjuteknikk som ikkje lét intervjuobjekta sleppe unna vanskelege spørsmål. Intervjua hennar er kritiske, solide, nærverande og ærlege, og ho bruker nynorsk som arbeidsspråk.

Kari Sørbø har hatt ulike styreverv i Norsk Journalistlag og var styreleiar ved Nordisk Journalistcenter i Århus i 1997–99.

Ho har fått både Kringkastingsprisen i 1995 og Alv Helleviks mediemålpris i 2002. I 2004 fekk ho prisen for Årets programleiar i Prix Radio, og to gonger har ho fått prisen for Årets intervju – i 2007 for eit intervju med Berit Reiss Andersen og i 2015 med Petter Northug. I 2016 fekk ho heidersprisen på Hellkonferansen, der dei trønderske journalistprisane blir delte ut.

Kjelder

Gard L. Michalsen: «Siden 1979 har hun satt sitt preg på NRK. Lørdag fikk Kari Sørbø hederspris på Hell», medier24.no, publisert 7.2.2016: https://www.medier24.no/artikler/siden-1979-har-hun-satt-sitt-preg-pa-nrk-lordag-fikk-kari-sorbo-hederspris-pa-hell/361861 [lesedato 11.2.2018]

«Kari Sørbø» i «Stemmer fra NRK», nrk.no, publisert 13.12.2004: http://nrk.no/programmer/stemmer_fra_arkivet/stemmer_fra_nrk/4284959.html [lesedato 11.2.2018]

Peikarar

Grete Thobroe: «NRK-veteran fikk hedersprisen», nrk.no, publisert 7.2.2016 

Kirsti Kringstad og Joar Elgåen: «Stilte Northug til veggs – vant pris», nrk.no, publisert 18.9.2015 

Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019