Hopp til innhold
Foto: TV2
Foto: TV2
X
Innhald

Odd Reidar Solem

Odd Reidar Solem, prisvinnande journalist i TV2.

Odd Reidar Solem er fødd 7. juli 1949 på Gossen i Aukra kommune i Romsdal. Han tok gymnaset på Tingvoll og var student i det første kullet mediestudentar ved den nyopna Distriktshøgskulen i Volda i 1971. Etter fullført studium i 1973 var han mellom anna journalist i Molde-avisa Romsdal Folkeblad, seinare i Romsdals Budstikke, der han var redaktør i åra 1990–93.
I 1977 begynte han i NRK som programsekretær, først i Vadsø og så i Dagsnytt på Marienlyst, før han vart korrespondent i Stockholm. I 1993 fekk han jobb i TV2, i utanriksavdelinga. Sidan har han vore både reporter, vaktsjef og programleiar i TV2 og i TV2 Nyhetskanalen.
Solem fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2008.
Kjelder
Samtale med Odd Reidar Solem 2.12.2010
Pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet, publisert 20.5.2008: «Odd Reidar Solem i TV2 får Kulturdepartementet sin nynorskpris»: http://www.regjeringen.no/nn/dokumentarkiv/Regjeringa-Stoltenberg-II/Kultur--og-kyrkjedepartementet/Nyheter-og-pressemeldinger/pressemeldinger/2008/odd-reidar-solem-i-tv2-far-kulturdeparte.html?id=511982  [lesedato 28.2.2014]

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 20.08.2015