Hopp til innhold
X
Innhald

Olav T. Sandnes

Olav Terjeson Sandnes, siviløkonom og medieleiar. Frå 2015 er han sjefredaktør og administrerande direktør i TV2.

Olav T. Sandnes er fødd 12. april 1972 i Oslo. Han tok IB (International Baccalaureate) ved United World College of the Atlantic i Wales i 1991, bachelorgrad i økonomi ved Handelshøyskolen i København i 1995 og mastergrad i økonomi og leiing ved IESE Business School ved Universidad de Navarra i Spania i 1997.

Han var tilsett i IT-selskapet Accenture i 1997–2005, i marknadsføringsbedrifta Eniro i 2005–06, var finansdirektør i Funcom i 2006–09 og finans- og strategidirektør i Hjemmet Mortensen i 2009–11. Sandnes var administrerande direktør i Egmont Publishing frå 2011 og fram til han tok over som TV2-sjef i 2015.

I bransjen blir Sandens omtalt som ein erfaren og dynamisk medieleiar. Han har forståing for samfunnsoppdraget til kanalen, endringar i mediebransjen og for omstillinga TV2 skal igjennom dei neste åra. TV2 er den største kommersielle fjernsynskanalen i Noreg, og Sandnes vil arbeide for at TV2 skal halde fram med å vere allmennkringkastar.

Sandnes har hatt mange styreverv, og han var medlem av styret i TV2 fram til han blei direktør i 2015. Han har vore styreleiar i Bladcentralen AS og Fagmedia AS, styremedlem i Mediebedriftenes Landsforbund og i Norsk Presseforbund. Han sit i konsernleiinga for Egmont, som er eigar av TV2 frå 2015.

Kjelder

TV2: «Olav T. Sandnes ny TV2-sjef», tv2.no: http://www.tv2.no/a/6147939/ [lesedato 17.1.2017]

Olav T. Sandnes sin profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/olavsandnes [lesedato 17.1.2017]

Peikarar

Bjørn Eckblad: «Slutt på dyre reiser og restaurantbesøk», dn.no 

Egmont: «Olav T. Sandnes», egmont.com 

Linn-Christin Marthinussen ofl.: «Sandnes: – Nei, dette er ikke en mørk dag for TV2», dagbladet.no 

NTB: «TV2 – Skal fortsatt være relevant for hele befolkningen», framtidinord.no 

Reidar Spigseth: «Vil gjøre det på TV2-måten», dagsavisen.no

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 26.07.2017