Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Skaug

Tore Skaug, journalist, redaktør, bibliotekar og lokalhistorikar med folkemusikk og folkekultur som interessefelt.

Tore Skaug er fødd i Stor-Elvdal i Hedmark 13. august 1939. Han tok Journalisthøgskulen i 1968 og arbeidde mellom anna ei tid som journalist, i perioden 1973–1993 var han redaktør i Vest-Telemark Blad. Skaug har òg arbeidd som bibliotekar i Kviteseid i Telemark og som frilansar. Frå 1995 til 2006 var Skaug redaktør for Årbok for norsk folkemusikk og frå 1995 til 2003 redaktør for medlemsbladet Kvinten, begge utgitt av Norsk Folkemusikk- og Danselag.
Skaug fekk plass i redaktørstolen etter Kjell Chr. Midtgaard, som hadde redigert Årbok for norsk folkemusikk sidan starten i 1991. Skaug er den som til no har sete lengst med redaktøransvar for årboka, og han har sytt for brei rekruttering av artikkelforfattarar, og dessutan for bibliografiar og diskografiar av vitskapeleg karakter, utarbeidde av Turid Askjem ved Riksarkivet.
Skaug har sjølv gitt eit interessant bidrag til norsk musikk- og kulturhistorie gjennom artiklar og intervju med musikkutøvarar og kvedarar frå ulike miljø. Han har budd i Kviteseid sidan 1975 og har skrive nokre bøker om lokalhistorie frå Telemark. Han har òg redigert samlinga Sol over land (2002), med dikt og prosa i utval av Tor O. Sanden.
Kjelder 
Årbok for norsk folkemusikk (særleg årgangane 1995–2006), utgitt av Norsk Folkemusikk- og Danselag
Kvinten (særleg årgangane 1995–2003), utgitt av Norsk Folkemusikk- og Danselag

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013