Hopp til innhold

Vegard Sletten

Vegard Sletten, ungdomslagsmann, redaktør og forfattar. Han skreiv på nynorsk i Verdens Gang fleire tiår før det blei ei politisk sak å få meir nynorsk i rikspressa.

Sletten var fødd i Oslo 8. mai 1907 og døydde 17. desember 1984. Han studerte filologi i Oslo og Paris før han var journalist i Stavanger Aftenblad 1929–41. Under den tyske okkupasjonen blei han nekta å reise frå Stavanger, og han var med i den illegale pressa i byen.
 
I 1945 blei han journalist i Verdens Gang, der han var redaktør 1967–77. Her skreiv han signerte artiklar – og sin eigen avskilsleiar – på nynorsk. Parallelt med arbeidet i Verdens Gang redigerte han Norsk Tidend i tretti år, i perioden 1946–75.
 
Sletten var formann i Noregs Ungdomslag 1947–55, formann i Norsk Journalistlag 1946–49 og 1956–62, og i Norsk Presseforbund 1962–71.
 
Sletten blei riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1971.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013