Faktaboks

Olav Vesaas
Fødd
21. desember 1935, Vinje i Telemark
Olav Vesaas, 2007
Olav Vesaas, 2007
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 3.0

Olav Vesaas er ein norsk journalist og forfattar. Som fast tilsett programmedarbeidar i NRK i 1968–1998 laga Vesaas særleg mange program om litteratur, og i ca. tjue år frå 1974 laga han Språkrøret saman med Finn-Erik Vinje. I tillegg til sitt journalistiske virke i NRK la Vesaas ned mykje arbeid i dokumentasjon av samtidslyrikarar for NRKs historiske arkiv. Vesaas var forlagssjef i Det Norske Samlaget i 1978–1980.

Han har mellom anna skrive biografiane Løynde land – ei bok om Tarjei Vesaas (1995), A. O. Vinje – ein tankens hermann (2001) og Å vera i livet – ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007). Han har også redigert fleire samlingar med tekstar av foreldra sine, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg