Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Ytrehus

Helge Ytrehus, filosofilærar, rektor og samfunnsdebattant.

Ytrehus var fødd 23. september 1917 i Trondheim og døydde 1. juli 2001 på Lillehammer. Han tok examen artium ved Trondheim katedralskole i 1937, vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1945 og dr.philos. i 1957 på ei avhandling om rettane til individet i filosofien til Thomas Hill Green, ein britisk filosof frå 1800-talet.
Ytrehus var lærar ved Nansenskolen 1949–57, forskingsstipendiat ved Fridtjof Nansens Institutt på Lillehammer 1957–64, programsekretær i NRK 1964–65, lektor ved Lillehammer gymnas 1965–72 og rektor ved Akademiet i Rauland 1972–84. Hovudinteressa hans var idéhistorie og filosofi. Han underviste i faga i mange år og laga NRKs første TV-program frå filosofihistoria.
For han var tankelivet noko som skulle utløyse handlingsevne. Han var sterkt samfunnsengasjert, var aktiv i Venstre, der han 1960–62 var politisk nestleiar, og deltok lokalt i arbeidet til Amnesty International, mellom anna i kampen mot dødsstraff. Han var oppteken av menneskerettane, av endringar i nasjonalitetsomgrepet og av sysselsetjing, arbeid og fritid i det moderne industrisamfunnet. Han heldt foredrag i mange forum.
Ytrehus skreiv både bokmål og nynorsk og var aktiv i Landslaget for språklig samling, som han var med og stifta i 1959.
Kjelder
Helga Sverdrup Ekrem ofl. (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Halvard Grude Forfang: Nansenskolen 1946–1971. Oslo 1982
Øivind Holter (red.): Studentene fra 1937. Oslo 1987
Olav Midttun: «Helge Ytrehus», minneord, Gudbrandsdølen Dagningen 21.7.2001
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1937. Oslo 1962
Lars S. Vikør og Geirr Wiggen (red.): Språklig samling på folkemåls grunn. Artikler frå bladet Språklig Samling. Oslo 1979
Helge Ytrehus: Individets rettigheter i Thomas Hill Greens filosofi. Oslo 1956
Helge Ytrehus: Vår nasjonale målstrid. Foredrag i Stavanger Mållag. Stavanger [1959]

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013