NRKs anlegg på Marienlyst rundt 1950
NRKs anlegg på Marienlyst i Oslo rundt 1950, med radiohuset i midten og Store studio til høgre

Kringkastingsmonopol er det same som å ha einerett til radio- eller fjernsynssendingar. NRK fekk einerett på kringkasting ved opprettinga i 1933 og hadde denne eineretten fram til 1981.

Etablering

Kringkasting inneber utsending av lyd og/eller bilete via eit elektronisk kommunikasjonsnett. Då det norske kringkastingsmonopolet vart etablert i 1933, galdt det radioen. Seinare vart fjernsynet ein viktig del av monopolet. Den norske kringkastingsmonopolet likna den måten britane valde å regulere og organisere radio og fjernsyn på.

Monopolordninga

Folkeopplysning og nasjonsbygging stod sentralt då monopolet vart oppretta, og monopolordninga skulle hindre at kommersielle interesser styrte programinnhaldet. NRK var statseigd, men redaksjonelt uavhengig. Alle med radio- eller fjernsynsapparat vart pålagde å betale NRK-lisens. Stortinget og regjeringa skulle avgjere storleiken på lisensen, og slik setje dei økonomiske rammene for allmennkringkastaren. Radiolisensen vart avskaffa i 1976, men NRK vart til 2019 finansiert gjennom innkrevjing av kringkastingsavgift, lisens, frå alle med fjernsynsmottakar. Frå 2020 er NRK finansiert over statsbudsjettet.

Samfunnsoppdrag

NRK-plakaten set rammene og gir uttrykk for NRK sitt samfunnsoppdrag. I NRK-plakaten heiter det i § 19 at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Kravet om 25 prosent nynorsk vart vedteke av Stortinget i 1970.

Omveltingar

Frå byrjinga av 1980-åra skjedde det store omveltingar i norsk mediepolitikk. Kåre Willoch si høgreregjering oppheva i praksis NRK-monopolet i 1981, då dei opna for kommersielle utanlandske aktørar gjennom satellitt-fjernsyn. Det vart òg opna opp for drift av nærradio. Lars Roar Langslet frå Høgre var kultur- og vitskapsminister i perioden 1981–86. Han spela ei sentral rolle i avskaffinga av kringkastingsmonopolet og i omdefineringa av NRK si rolle.

Liberalisering

Ut gjennom 1980-åra skjedde det ei liberalisering av mediepolitikken. I 1984 vart det gitt 129 konsesjonar for lokalfjernsyn. I 1988 vart TV Norge etablert som ein kommersiell fjernsynskanal, distribuert gjennom kabel og satellitt. TV 2 kom med sine første fjernsynssendingar i 1992.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Halse, K. J. & Østbye, H. (2003): Norsk kringkastingshistorie. Oslo: Samlaget
  • Kvarv, S. (2014): Norsk kulturpolitikk i det 20. århundret. Mellom ideologi og pragmatisme. Oslo: Novus

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg