
Partipressa
Partipressa var eit system der aviser støtta og var knytte til politiske parti. I Noreg fekk vi partipresse i 1880-åra. Systemet vart svekt frå 1970-åra av og gjekk i oppløysing utover i 1990-åra.
Målet med partipressa var å påverke lesarar for å få meir støtte frå veljarane. I partiavisene var redaktørar, mange journalistar og andre leiarar partimedlemer, og dei hadde ofte verv i eller for partiet. Partiavisene var med i partiet sin presseorganisasjon (til dømes Norsk Høyrepresse eller A‑pressa) og fekk tilsendt stoff frå partipressekontoret/-byrået. Ved siste registrering av partiaviser i 1994, var 63 av 213 aviser partiaviser. Eigarane av partipressa var privatpersonar eller familiar med sterke partiband, spreidd lokal eigarskap blant partimedlemer og sympatisørar eller formelt partieigarskap i ulike former.
Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre hadde den største partipressa. Osloavisene Arbeiderbladet og Aftenposten vart rekna som hovudorgana for høvesvis Arbeidarpartiet og Høgre, men desse partia hadde òg aviser i alle fylke. Venstre hadde òg ei stor partipresse, med Dagbladet, Fædrelandsvennen (Kristiansand), Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Sunnmørsposten som flaggskip. For Senterpartiet var Nationen (Oslo) og Østlendingen (Elverum) rekna som dei viktigaste partiavisene. Andre parti hadde langt færre partiaviser.
Partipressa gav lenge politisk avismangfald på større stader eller i regionar. Eit døme er Bergen etter 1945. Då kom det ut fire partiaviser der: Bergens Tidende (Venstre), Bergens Arbeiderblad (Ap), Arbeidet (Noregs Kommunistiske Parti) og Morgenavisen (Høgre). I tillegg kom den kristne avisa Dagen og nynorsk- og bygdeavisa Gula Tidend ut der.
Partitilknytinga var ofte formalisert i formålsparagrafar og bindingar til partipresseorganisasjonar og pressebyrå. Partiet sitt syn kom ofte tydeleg fram på leiarplass og i anna redaksjonelt stoff. Lenge var hovudmønsteret at lesarar flest heldt seg til den partiavisa som støtta det partiet som stod dei nærmast.
Den første viktige svekkinga av partipressa kom då venstrepressa gjekk i oppløysing på EF‑saka i 1972. Den massive avisovervekta som støtta norsk medlemskap, leid nederlag i folkerøystinga. Det utfordra trua på aviser som reiskap til å vinne oppslutnad om partistandpunkt. Mediekonserna sitt inntog og omgjeringa av eigarskap i avisene frå 1980-åra oppløyste partipressesystemet utover i 1990-åra.
Sjølv om vi ikkje lenger har partipresse, er det likevel ein viss skilnad i den politiske profilen til avisene. Formelle band til eit parti har vorte avløyst av konserneigarskap. Kommersielle interesser har vorte viktigare, og det er difor ikkje opplagt at dagens aviser er meir pålitelege enn partiavisene var.
Kjelder
Guri Hjeltnes (red.): Imperiet vakler 1945–2010, bd. 3 i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie. Oslo 2010
Rune Ottosen (red.): Parti, presse og publikum 1880–1945, bd. 2 i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie. Oslo 2010
Per Overrein og Roar Madsen: «Partipressens avvikling – årsaker og faser», Mediehistorisk Tidsskrift nr. 25/2016, s. 11–45. Tilsvar frå Henrik Grue Bastiansen og Hans Fredrik Dahl i same utgåve, s. 47–56. Digital utgåve, pressetidsskrift.no: http://www.pressetidsskrift.no/content/uploads/pub/2016/09/norsk-mediehistorisk-tidsskrift-25-2015.pdf [lesedato 1.12.2019]
Per Overrein og Roar Madsen: «Om partipressens korporative system – et søkelys på seks høyrepresseaviser», Mediehistorisk Tidsskrift nr. 1/2019, s. 53–74. Digital utgåve, pressetidsskrift.no: http://www.pressetidsskrift.no/content/uploads/pub/2019/06/NMF-tidsskrift-31_2019_web.pdf [lesedato 1.12.2109]
Peikarar
Eskil Wie Furunes: «Slik stemmer norske journalister – forsvinner fra høyresiden», journalisten.no
Sist oppdatert: 14.01.2020