Redaktørplakaten er ein avtale som slår fast ein redaktør sine rettar og plikter. Plakaten seier at det er opp til eigarane å bestemme grunnsyna og formålsreglane i mediet, og at redaktøren skal kunne leie redaksjonen fritt og utan innblanding innanfor den gjevne ramma. Dette gir norske redaktørar ei meir sjølvstendig rolle enn kollegaer i ei rekkje andre land, som i til dømes Storbritannia eller USA. Avtalen er først og fremst ei rettleiing, men slår òg fast at dersom ei uløyseleg konflikt skulle oppstå, plikter redaktøren å trekkje seg.

Faktaboks

Uttale
redaktˈørplakaten

Redaktørplakaten vart vedteken 22 oktober 1953. Den er ein frivillig framforhandla avtale som vart til gjennom eit samarbeid mellom Norske Avisers Landsforbund (i dag Mediebedriftenes Landsforening) og Norsk Redaktørforening. Avtalen har vorte revidert tre gonger, i 1973, i 2004 og 2019. Grunnlaget er det same, men i den nye versjonen er Redaktørplakaten både kjønns- og medienøytral.

Forventingar

Ifølgje Redaktørplakaten er redaktøren forventa å verne om ytringsfridommen, pressefridommen og informasjonsfridommen. Redaktøren skal arbeide for dei demokratiske rollene til frie medium og det som etter hans/hennar meining tener samfunnet. Vidare skal redaktøren fremje ein sakleg journalistikk, i tillegg til å gjere klart for mottakaren skiljet mellom både fakta og meiningsinnhald, og mellom redaksjonelt innhald og kommersielt materiale. Det er redaktøren som har det endelege ansvaret for innhaldet i mediet og for redaksjonsverksemda.

Lov om redaksjonell fridom i media

Norske redaktørar arbeidde lenge for å få lovfesta dei etiske prinsippa i plakaten. I 2009 kom Lov om redaksjonell fridom i media. Lova omfattar dagsaviser og andre periodiske publikasjonar, kringkastingsselskap og elektroniske nyheitsmedium. Dette lovfesta det heilt sentrale i redaktørplakaten i at redaktøren er uavhengig av eigarar og utgivar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gripsrud, Jostein (2007). Symbol og realitet – om lovfesting av redaktørplakaten, Hubro Nr.2
  • Hjeltnes, Guri (2010) Norsk presses historie 1660–2019, bd. 3: Imperiet vakler 1945–2010. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Ottosen, Rune; Røssland, Lars Arve og Østbye, Helge (2012): Norsk pressehistorie. Oslo: Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg