Faktaboks

Med Israel for fred
MIFF
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Stifta
1978
Dagleg leiar
Conrad Myrland
Styreleiar
Lars Johan Nordgård

Med Israel for fred er ein medlemsbasert norsk interesseorganisasjon som vart skipa i 1978. Grunnleggjaren Jan Benjamin Rødner og tilhengjarane hans meinte israelske synspunkt ikkje slapp til i norsk og vestleg presse, og ei hovudoppgåve for organisasjonen er å vera eit korrektiv i mediedekninga av Midtausten-konflikten. Når Israel-Palestina-konflikten er i nyheitsbiletet, publiserer organisasjonen artiklar som kommenterer og presenterer andre synspunkt enn dei som vert fremja i NRK-debattar og i andre nasjonale medium.

Organisasjonen har om lag 12 000 medlemer knytt til 28 lokallag over det meste av landet. MIFF reknar seg som partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. Organisasjonen har sidan 2018 slått rot også i grannelanda våre Sverige, Danmark og Island og har også festa band til internasjonale nettverk av israelvener.

Flyktningproblemet

MIFF støttar Israel og vil at landet skal vera ein stat der jødane som folkegruppe er i fleirtal. Dette sterke engasjementet for Israel som sjølvstendig og jødiskdominert stat har stått sentralt blant norske israelvener like sidan staten vart grunnlagd i 1948.

I vedtektene heiter det mellom anna: «MIFF støtter det jødiske folkets rett til et nasjonalt hjemland i Israel». Organisasjonen vert gjerne oppfatta som å vera mot at dei palestinske flyktningane, som vart drivne ut då Israel vart oppretta, skal få koma attande. Ifølgje vedtektene går organisasjonen inn for ei meir moderat linje: «MIFF støtter en løsning av flyktningeproblemene som ikke innebærer en trussel mot Israels eksistens som en jødisk stat».

Omstridd

Organisasjonen er omstridd. Årsakene er mange, men den viktigaste er skiftet i norsk opinion, frå ei sterk pro-israelsk haldning i åra etter opprettinga av staten Israel i 1948 til eit meir nyansert syn frå 1960-talet og utover med seksdagarskrigen i 1967 som eit spesielt viktig vendepunkt: «Først etter seksdagarskrigen i 1967 og vidare utover på 1970- og 1980-talet synest det som om haldninga til Israel vart meir nyansert, både internt i Arbeidarpartiet, på Stortinget og i opinionen. Samtidig vart det retta auka merksemd mot saka til palestinarane», heter det i NOU 2000:6.

Organisering

Generalforsamlinga i MIFF vel hovudstyre, som på si side peikar ut redaksjon for medlemsbladet «Midtøsten i fokus» og driv nettstaden miff.no. MIFF driv òg den største israelsida i NordenFacebook, skipar konferansar, driv påverknadsarbeid og organiserer studieturar til Israel.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Med Israel for fred
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg