Hopp til innhold

Medborgarskap

Medborgarskap vert til når folk røystar ved val og kan påverke politikken gjennom organisasjonsliv og andre former for politisk aktivitet.

Medborgarskap vert i hovudsak forstått på to måtar: som eit ideal om aktiv deltaking i samfunnet, dernest som eit danningsideal. Å vere statsborgar er ein juridisk rett, å vere medborgar er å kjenne seg heime i samfunnet og engasjere seg for å forme det.

I eit demokrati har vi rett til å røyste og til å ytre oss og organisere oss. Idealet om aktivt medborgarskap legg vekt på at innbyggjarane har ei moralsk plikt til å gjere bruk av desse rettane, for å utvikle demokratiet. Danningsidealet legg vekt på at vi ved å ta del i samfunnet også utviklar oss sjølve. Ifølgje samfunnsforskarar er aktive borgarar ein føresetnad for eit levande demokrati.

I Noreg var medborgarskap ein politisk idé alt på 1700-talet, og Grunnlova av 1814 stadfesta mange av dei politiske ideala. Lesekunna var høg, og mange tok del i det offentlege ordskiftet. Lova om kommunalt sjølvstyre (1837) skapte verkstader for politisk trening, og bygdefolk organiserte folkerørsler for målsak og lekmannskristendom. Det sivile engasjementet utfalda seg lenge før dei første politiske partia vart stifta.

På 2000-talet har andre former for medborgarskap vunne fram. I aksjonar protesterer folk mot enkeltsaker. I 2019 demonstrerte til dømes norske skuleelevar mot miljøøydelegging, og kvinner demonstrerte mot nedlegging av fødeavdelingar ved sjukehusa. Internettaktivisme er den raskaste måten å mobilisere på. Berre dagar etter at metoo-kampanjen starta på sosiale medium i USA, var kampanjen i gang i Noreg.

 

Kjelder

Barne- og familiedepartementet: «Ungdom, makt og medvirkning. Digitalt medborgerskap», NOU 2011: 20, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-20/id666389/sec8#fn12_doc [lesedato 22.10.2019]

Ingunn Dørve: «Politisk tillit og politisk deltakelse i Norge og Italia. En komparativ studie av et 'høytillitsland' og et 'lavtillitsland'», masteroppgåve i statsvitskap, duo.uio.no, levert 26.11.2009: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15124/Masteroppgaven-Ingunn-Doerve-2009.pdf?sequence=3&isAllowed=y [lesedato 20.10.2019]

Kristinn Hegna og Kenneth Silseth (red.): «Ungt medborgerskap. Kunnskap, mobilisering og deltakelse», Tidsskrift for ungdomsforskning, nr. 1/2018, udir.no: https://www.udir.no/contentassets/74bd418abaf44309bac808cc7edb1ca2/iccs-tidskrift-for-ungdomsforskning.pdf [lesedato 20.10.2019]

 

Peikarar

Bård Amundsen: «Knuser myten om det fattige Norge», forskning.no

Astrid Meland: «Norge har fått en Bunadsgerilja», vg.no

Statistisk sentralbyrå: «Lokale folkeavstemninger», ssb.no

Først publisert: 04.03.2020
Sist oppdatert: 10.03.2020