Mediemangfald er eit overordna mål i norsk mediepolitikk. Mangfaldet peikar både mot avsendaren – at det skal vere fleire aktørar som lagar medieinnhald, men òg at det skal vere eit mangfald i innhaldet som desse aktørane presenterer.

Faktaboks

Også kjend som

mediemangfold

Føremål

For at veljarar skal kunne gjere seg opp sjølvstendige meiningar og velje i tråd med det, må omtale og vurderingar av tilhøva i samfunnet kome frå eit mangfald av stemmer. Mediemangfald, som garantist for informasjons- og ytringsfridom, er slik ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Om berre éin medieredaksjon får fortelje om røyndomen, får denne redaksjonen svært stor makt. For dei norske motkulturane har de vore viktig med redaksjonar som fortel om røyndomen sett frå fleire ståstadar. I Distrikts-Noreg har lokalavisene vore viktige for mangfaldet og ytringsfridomen.

Lovgjeving

I § 100 i Grunnlova heiter det i sjette ledd at «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.» Fleire politiske verktøy har vore nytta for å styrkje mediemangfaldet som denne paragrafen føreset. Pressestøtta, innført i 1969, skulle halde oppe mangfaldet av norske aviser. For radio og fjernsyn har konsesjonsordningar vore viktige verkemiddel. Slike ordningar finst på ulike nivå, men det grunnleggjande er at det vert sett krav som fremjar mangfaldet for å få konsesjon til kringkasting. Lovkrava i medieeigarskapslova frå 1997 om spreidd eigarskap i mediesektoren har vore eit anna verkemiddel for å sikre mangfaldet.

Utfordringar

Den raske teknologiske utviklinga, endringar i folk sine medievanar og knappare økonomiske rammer for journalistikken har ført med seg ei uro for det norske mediemangfaldet dei siste åra. Med den kraftige veksten i tilgangen på informasjon som internett har ført med seg, finst det ei stor breidde av innhald som kan nå ut til alle. Denne breidda vert til eit reelt mediemangfald berre dersom ho faktisk vert nytta. I ein røyndom der redigerte nyhendemedium er under press, har det meldt seg eit spørsmål om den enkelte mediebrukaren maktar å finne fram i det nye mangfaldet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Trine Syvertsen: Mediemangfold. Styring av mediene i et globalisert marked. Kristiansand 2004
  • Regjeringa: NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for borgerne

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg