Hopp til innhold

Merima Maja Brkic

Merima Maja Brkic er fødd i Bosnia og kom til Noreg i 1993. Ho debuterte som nynorsk lyrikar i 1996 med ei sterk diktsamling om krig, oppvekst og fred.

Merima Maja Brkic er fødd 5. mai 1981 i Sarajevo i Bosnia og voks opp i Kroatia. Krigen på Balkan frå 1991 gjorde at familien flykta til Noreg i 1993. Etter opphald på fleire flyktningmottak kom dei til Årdalstangen i Sogn i 1994.

Brkic tok eksamen ved Årdal vidaregåande skule i 2000 og gjekk deretter eitt år på Heimly Folkehøgskole i Troms. Deretter tok ho høgare utdanning i England og avslutta med doktorgrad i nevrologi ved Universitetet i Oxford i 2009.

Sidan 2009 har ho hatt fleire stillingar i England. Ho har vore politisk rådgivar for tidlegare statsminister David Cameron og har vore tilsett i ulike rådgivings- og forbrukarorganisasjonar, mellom anna Ofgem, Nacro og HM Revenue and Customs.

Brkic har gitt ut to diktsamlingar bygde på erfaringar og opplevingar som barn og ungdom i krigsområde, Stans denne natta (1996) og Vekk meg (1999). I dei to bøkene skildrar ho eit krigsherja land og ein tapt barndom for dei som måtte flykte frå heimlandet. Tekstane formidlar opplevingar av sakn og angst, men også med draumar og lengt mot ei framtid utan vondskap og konfliktar. Dikta er direkte i forma, med enkle metaforar, stundom med spørsmål som inviterer til vidare refleksjonar. Brkic fekk Sunnmørsprisen for desse to bøkene i 1999. I antologien Godnatt. Fortellinger fra vide verden (1999), redigert av Thorvald Steen, er Brkic representert med «Admir og stjernen».

 

Kjelder

Merima Maja Brkic, profil på LinkedIn, linkedin.com: https://uk.linkedin.com/in/drmajabrkic [lesedato 31.10.2018]

Vestads vevstad: «Nynorskpris til bosniar», web.archive.org, publisert 25.3.2000: https://web.archive.org/web/20050313195339/http://www2.hivolda.no/jpv/sunnmoersprisen1999.htm [lesedato: 31.10.2018]

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Merima Maja Brkic på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Merima Maja Brkic på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

 

Først publisert: 30.04.2019
Sist oppdatert: 30.04.2019