Hopp til innhold
Mette Frederiksen. Fotograf: Steen Brogaard. Kjelde: Folketinget (ft.dk).
Mette Frederiksen. Fotograf: Steen Brogaard. Kjelde: Folketinget (ft.dk).
X
Innhald

Mette Frederiksen

Mette Frederiksen, samfunnsvitar, dansk folketingspolitikar sidan 2001, tidlegare minister og partileiar for partiet Socialdemokratiet sidan 2015. Partiet ligg nær det norske Arbeidarpartiet. Som statsminister etter folketingsvalet i juni 2019 er ho den yngste danske statsministeren nokon gong.

Mette Frederiksen er fødd 19. november 1977 i Aalborg på Jylland i Danmark, der ho òg voks opp. Ho var elev ved Aalborghus Gymnasium i 1993–96, tok bachelorgrad i administrasjon og samfunnsfag ved Aalborg Universitet i 2007 og har ein mastergrad i afrikastudium frå Universitetet i København i 2009.

Frederiksen melde seg inn i Socialdemokratiet i 1991, arbeidde som ungdomskonsulent for LO i Danmark i 2000–01 og er ein erfaren politikar som har drive med politikk heile sitt vaksne liv. Partiet Socialdemokratiet tilsvarer Arbeidarpartiet i Noreg, men står for ein strengare innvandringspolitikk, og ordskifta er skarpare enn i Noreg.

I 2001 blei ho vald til folketingsrepresentant for Socialdemokratiet og har hatt fast plass sidan. Frå 2005 til 2011 var ho parlamentarisk nestleiar og frå 2015 partileiar. Frederiksen blei arbeidsminister i Helle Thorning-Schmidt si regjering frå 2011 og fekk mellom anna ansvaret for halvering av dagpengeperioden. I 2014 tok ho over som justisminister, fram til regjeringa gjekk av etter valet i 2015. Då tok ho over som partileiar og blei altså statsminister etter valet i 2019.

Frederiksen viste seg tidleg som ein politikar med meiningars mot, som kjempa for synspunkta sine, og som også kunne kritisere sitt eige parti. Ho er ein populær politikar og er ein av dei folketingspolitikarane som har fått flest personstemmer ved vala dei siste åra. Men ho har òg fått kritikk for å sende barna sine på privatskule, og som arbeidsminister fekk ho kritikk for å feilinformere Folketinget om konsekvensane av regjeringa si arbeidsløysereform. I motsetnad til dei norske og svenske sosialdemokratiske partia tok Frederiksen partiet sitt langt til høgre i innvandringspolitikken. Ho kjempa om dei innvandringskritiske røystene med Dansk folkeparti og nøytraliserte på ein måte innvandringssaka.

Frederiksen har vore medforfattar av debattbøkene Epostler. En politisk debatbog (2003) og Fra kamp til kultur (2004). Ho fekk Nina Bang-prisen i 2002 for politisk mot og gjennomslagskraft, Peter Sabroe Klubbens Hæderspris i 2008 og Ting-prisen i 2012 for evna si til å kommunisere med borgarane.

 

Kjelder

Folketinget: Mette Frederiksen, profil, ft.dk: https://www.ft.dk/da/medlemmer/folketingetsmedlemmer/mette-frederiksen-(s) [lesedato 21.5.2019]

Anne-Sofie Sadolin Henningsen og Bjarke Gunslev: «Her er Mette Frederiksens liv og karriere», berlingske.dk, publisert 10.10.2014: https://www.berlingske.dk/analyse-og-perspektiv/her-er-mette-frederiksens-liv-og-karriere [lesedato 21.5.2019]

Camilla Stougaard Christoffersen: «Mette Frederiksen – barn af Nordjylland med sine meningers mod», tv2nord.dk, publisert 12.3.2018: https://www.tv2nord.dk/artikel/mette-frederiksen-barn-af-nordjylland-med-sine-meningers-mod [lesedato 28.3.2019]

 

Peikarar

Bjørgulv Braanen: «Frederiksen har en plan», klassekampen.no

Siv Sandvik: «Sju ting som skiller norsk og dansk politikk», nrk.no

Sylo Taraku: «Ap har mye å lære av sine danske kolleger»,vg.no

Først publisert: 30.08.2019
Sist oppdatert: 04.09.2019