Hopp til innhold
X
Innhald

Midlandsmål

Midlandsmål, eller fjellbygdemål, er eit samlenamn for dialektane i øvre Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres og Nord-Gudbrandsdalen.

Midlandsmåla har bevart gamle språktrekk og har elles språkdrag både frå austlandsk og vestlandsk.

Dialektane har kløyvd infinitiv. Nokre infinitivar endar på ‑a, andre på ‑e: å vera, å kaste. Dialektane skil mellom sterke og svake hokjønnsord. Dei sterke får ‑i (eller ‑e) i bunden form eintal, dei svake får ‑a (eller ‑o). Det kan heite: denne døri, men denne visa. Desse språkdraga heng saman med korte og lange rotstavingar i norrønt. I ubunden form fleirtal finn vi vokalane ‑a, ‑i og ‑u, eller ‑a, ‑e og ‑o. Det kan heite: gutar, bygdir, jentur.

Det personlege pronomenet i 1. person er eg (e) og me (i Nord-Gudbrandsdalen: oss). Dativ kan finnast i Hallingdal, Valdres og Nord-Gudbrandsdalen: på støle, i bygdo(m).

Hos yngre generasjonar er midlandsmålet i til dels sterk endring. Tradisjonelle språkdrag vert borte, og i fleire tettstader går utviklinga i retning av eit bokmålsnært talemål.

Då den første rettskrivingsnemnda for nynorsk vart nedsett i 1898, la Arne Garborg og Rasmus Flo midlandsmålet til grunn for sitt framlegg. Midlandsnormalen sløyfa ‑t i bunden form eintal av inkjekjønnsord (døme: dette huse). Normalen hadde kløyvd infinitiv og «den norske triklangen» ‑a, ‑i og ‑u i substantivbøyinga.

Den tredje medlemen i nemnda, Marius Hægstad, gjekk inn for ei modifisert Aasen-norm, som vart den norma departementet fastsette i 1901 for skule og administrasjon. Elevar som ønskte det, kunne bruke midlandsnormalen, men denne norma fekk lite å seie.

Arne Garborg brukte midlandsnormalen: «Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand», står det i 1905-utgåva av Fred. Då dei samla skriftene hans kom i 1922, følgde dei alle denne normalen.

 

Kjelder

Eskil Hansen: Dialekter i Norge. Oslo 2010

Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo: Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Kristiania 1899

Brit Mæhlum og Unn Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Oslo 2012

Erik Papzian og Botolv Helleland: Norsk talemål. Lokal og sosial variasjon. Kristiansand 2005

Martin Skjekkeland: Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand 1997

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Noen hovedlinjer i norsk språkhistorie fra reformasjonen til våre dager. Oslo 1978

 

Peikarar

Rasmus Flo: Midlandsmaal. Kristiania 1906, nb.no

Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo: Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Kristiania 1899, nb.no

Martin Skjekkeland: Dei norske dialektane. Kristiansand 1997, nb.no

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978, nb.no

Først publisert: 13.06.2019
Sist oppdatert: 13.06.2019