Ming dynastiets keiserinne

Offisielt maleri av Ming dynastiets keiserinne Xiaojingxian.

Porselen
Ming-perioden var kjent for sitt vakre porselen.
Av .
Den kinesiske mur
Storparten av Den kinesiske muren blei bygd under Ming-dynastiet. Ein kan sjå på muren som eit symptom på aukande framandhat, ettersom han blei reist for å stengje ute mongolar og andre folkeslag i nord – i staden for handel, diplomati og inngifte.
Den kinesiske mur
Lisens: CC BY SA 3.0

Ming var eit kinesisk keisardynasti og ein historisk periode frå 1368 til 1644. Ming-dynastiet etterfølgde det mongolske Yuan-dynastiet og innebar mellom anna ei gradvis vending innover, til slutt manifestert i den kinesiske muren. Ming betyr «strålande».

Faktaboks

Uttale

ming, IPA: [miŋ]

Etymologi

"strålande; opplyst"

Også kjend som

Pinyin: Míng

Kinesiske teikn: 明

Opphav

Herskarane i Ming-dynastiet hadde familienamnet Zhu 朱. Den første keisaren, Zhu Yuanzhang (1328–1398), kom frå ein fattig bondefamilie og er såleis ein av svært få keisarar i kinesisk historie med folkeleg bakgrunn. Zhu Yuanzhang vart etter kvart leiaren for det kinesiske opprøret som velta Yuan-dynastiet og fordreiv mongolane ut av landet.

Styresett

Trass i at keisaren sjølv hadde ein meir folkeleg bakgrunn enn tidlegare herskarar, vart ikkje Ming-dynastiet noko meir demokratisk enn forgjengarane, snarare tvert imot; keisaren samla makta i sine hender og førte vidare mange av dei autokratiske institusjonane frå Yuan-dynastiet.

Samfunnet vart også inndelt i stender som i Yuan, der yrke skulle gå i arv. Dette systemet braut i praksis snart saman. Ein av grunnane var ei økonomisk oppblomstring under Ming-dynastiet, som førte med seg ein veldig sosial mobilitet. Denne oppblomstringa kom særleg av handelsetterspurnaden og dei nye plantesortane som europearane førte med seg frå 1500-talet og utover. Dette førte òg til ein sterk befolkningsvekst: frå ca. 75 millionar rundt 1450 til omkring 200 millionar ved slutten av dynastiet to hundre år seinare.

Ein ny lovkodeks etter tradisjonelle linjer vart gitt ut av styresmaktene. Restriksjonar mot buddhismen tok sikte på å fremje konfusianismen, som var den offisielle ideologien og hadde karakter av statskult. På keiserlig initiativ vart i 1405–1431 ei rekkje sjøferder gjennomført til Ostindia, India, Persiabukta og Aust-Afrika. Men etter at desse plutseleg vart innstilte, og Kina slik vart avskore frå sambanda vestover gjennom Sentral-Asia, følgde ein periode med relativ isolasjon.

Intellektuelle straumdrag

Vase
Mingvase i porselen med blåhvit underglasur dekor av drage. Utført i Jingdezhen under keiser Yongles periode 1403–1424.

Ming-dynastiet, som til forskjell frå Yuan-dynastiet var grunnlagd av han-kinesarar, henta fram att det tradisjonelle politiske, sosiale og intellektuelle systemet frå Song-epoka. Intellektuelt var særleg andre halvdel av Ming-dynastiet prega av mangfald og toleranse. Synkretisme kom i vinden mot slutten av dynastiet, særleg representert av rørsla «sameininga av dei tre lærene» (buddhismen, konfutsianismen og daoismen). Den mest kjende tenkjaren frå perioden og føregangsmann for mange av desse trendane var Wang Yangming (1472–1529). I kjølvannet hans kom fleire av dei mest eksentriske intellektuelle i kinesisk historie, slik som Li Zhi.

Europeisk innverknad

Mot slutten av Ming-perioden byrja dei europeiske sjømaktene, som ved dei store oppdagingane hadde funne sjøvegen til Det fjerne austen, å vise seg ved dei kinesiske kystane. Portugisiske, spanske, nederlandske og etter kvart engelske handelsskip prøvde å opne handel med Kina over Guangzhou (Kanton), men med magert resultat. Portugisarane var dei einaste som fekk varig fotfeste, i Macao frå 1557 og for ei tid i Ningbo.

Nye importvarer var mellom annan klokker og tobakk. Dyrking av søtpoteter vart innført frå dei spanske koloniane i Sør-Amerika.

Etter kvart kom det jesuittiske misjonærar til Kina. Den første var Matteo Ricci, og både han og fleire av etterfølgjarane hans fekk ein viss innverknad i hoffkrinsane. Men denne første omfattande kontakten med europearane fekk forholdsvis avgrensa tydning for den kinesiske kulturutviklinga. Europeisk innverknad gjorde seg i større grad gjeldande først mot slutten av det etterfølgjande Qing-dynastiet.

Fall

Skulptur
Figur i støpt bronse fra perioden 1368–1644.

Det er fleire årsaker til at Ming-dynastiet gjekk under. Piratverksemd langs kysten kring 1550, indre opprør etter 1620, saman med nytt press frå grensene i nord, påførte store tap. På den økonomiske sida hadde hoffet utvikla ein dekadent styringsstil som i kombinasjon med ein feilslått skattepolitikk ruinerte statskassa. Samtidig utvikla det seg ei rivalisering mellom to innverknadsrike grupper ved hoffet, evnukkane og litteratane, noko som førte til at hoffet vart splitta og lite handlekraftig.

Ute på landsbygda opplevde ein ei rekkje uår, som òg bidrog til sosial uro og opprør. Desse var den stadig svakare staten ikkje i stand til å kontrollere. Uroa starta som rørsler utan nokon klar form for leiing. Ein opprørsleiar med namn Li Zicheng (1606–1645) fekk til slutt samla ein hær som han førte mot Beijing, der han tok byen og heldt han i éin månad. Han vart overvunnen av mandsjuane frå nordaust, som etablerte Qing-dynastiet.

Qing-herskarane så på det økonomiske, sosiale og intellektuelle mangfaldet under Ming som ein slags dekadanse og hovedårsaka til at dynastiet fall. For å distansere seg frå Ming vart dermed Qing-dynastiet langt meir ortodokst.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg